
Men eg hadde lyst å prøve å lage ein heilt enkel "adventslysestake" sjølv i år. Eg starta med å kjøpe inn 4 kvite kubbelys, lilla gåveband og ei lita eske med pynteperler med hòl tvers igjennom, alt kjøpt på Nille.
Frå før av hadde eg eit nydeleg trefat laga av Odd Nesdal, og eit speilplate eg har hatt liggande lenge. Eg tredde på 1 perle for 1.søndag i advent på ei remse av gåvebandet, 2 perler for 2.søndag osv, før eg knytta det rundt kvar kubbe.
Når eg var ferdig med alt reiste eg på julegrantenning og gløymde totalt å tenne det første lyset når eg kom heim!
=)
Fekk forespørsel om eg kunne legge ut bilde av perla eg brukte. Så no er innlegget oppdatert med dette! =)
SvarSlettTakk til Anita for interessen! =)