onsdag 10. desember 2014

BO RISBOLLER MED HONNI-KORN




I mange år har eg tenkt på å lage risbollar med Honni-Korn i staden for puffa ris. Så i dag gjekk eg til innkjøp av ingrediensane (til dette og til anna julebagst) og satte i gong.





Først smelta eg forsiktig 250 g Delfiafett ilag med 200 g melkesjokolade. Så satte eg dette til side for  å kjølne litt.




Deretter laga eg eggedosis av 2 dl sukker og 2 egg før eg helte dette over 1 pk Honni-Korn i ei stor bolle.




Det er viktig å blande godt slik at alle korna får sjokolade på seg.




Eg brukte så eit kaffimåleskei til å fordele i små former. Eg syns ofte at risbollar er så søte at små porsjonar passar seg betre enn store. I tillegg ser det meir delikat ut...




Sia dette blir store mengder av... valde eg å bruke 3 ulike former i dag. Denne vesle forma som vist på bilde, ei vanleg muffinsform og i tillegg ei stor amerikansk muffinsform. Då tenker eg det vil vere nåke for einkvart ønske sånn størrelsesmessig! ;) Til slutt satte eg dette kaldt. Dei tåler òg godt å stå i frysen...om dei rekk dit før dei er oppetne! 

Gje meg gjerne ei tilbakemelding om du prøver denne oppskrifta. Eg syns den var knallgod i allefall!

- BENTE -




LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...