Kan TRU eg har kosa meg i dag! Eg fann fleire malar for påskekorger på nettet og satte meg til å klippe, brette og lime. |
Denne påskeharen falt eg pladask for, og har no laga fleire eksemplar av den som eg lurte på å gje vekk til familie og venner. |
Påskeharen har både føtter og haledusk og er så søt som berre det!
Eg laga i tillegg 2 korger til.
Den til venstre syns eg vart litt kjedeleg, men den var størst og tok mest gotteri. Viss du ser på øverste bildet, så ser du kor kjedeleg det egget ser ut, så eg kjem nok til å lime på eit motiv til på det for å gjere det litt meir spennande
Den siste korga var tidkrevande å lage, sia ein måtte fargelegge ein del før ein fletta og limte, men alikevel vart det ei riktig flotte korg! Bildet gjenngjev dessverre ikkje dei rette fargane på korga, og virkar muligens litt kjedeleg, men eg lovar:
Det er ei aldeles nydeleg korg!
Eg har altså kosa meg glugg i dag, og har fleire korger på tapeten i kveld!
Ka du skal til med i kveld?
God fredagskveld til dokke alle i allefall!
:D