lørdag 22. desember 2012

Julekort frå nevø!

Eg føler meg særs beæra når eg får så fint julekort i posten!  Dette var eit av to kort min nevø, Adrian, laga i barnehagen. Han e berre 4 år, så eg er kjempeimponert! I tillegg har eg fått så mange fine julekort med bilder frå familie og vennar. Eg er totalt ELENDIG på julekort, og har kun klart å sende eit butikkjøpt avgårde til min vertsfamilie i USA.
Eg skal ikkje bruke ei litt ubrukeleg hånd som unnskyldning for ALT ugjort før jul, men litt skuld får den. Men eg håpa eg får gjort litt i løpet av romjula, sjølv om det kanskje er litt seint. Eg slepp å stresse så mykje til jul sia den blir feira i Fredrikstad i år. No gjenstår ei einaste gåve, så er alt i boks!
God laurdag til alle!
- BENTE -

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...