lørdag 18. september 2010

Lys i topplokket.......

Artig når nåke nytt og spennande kjem på markedet,
sjølv om ein ikkje alltid kunne tenkt seg det sjølv!



Denne utruleg festelege pendelen snubla eg over i dag, og måtte berre legge den ut. =)
Den er laga av ekte Bowler- og Topp-hattar. 
Det sto ikkje pris, men den er å få kjøpt hos
Jake Phipps Studio i London.
http://www.jakephipps.com/

Om nåken skulle ende opp med ein sånn pendel, så gjerne gje meg ei tilbakemelding på det! =)

Ps: Sjekk samtidig ut stolen "Orson" frå samme produsent! Den kunne eg godt sjå for meg i huset! =)


Òg husk at alle kommentarar blir satt umåteleg pris på!

fredag 17. september 2010

Litt idear til badet.....

Hei igjen....=)

Vårt neste store prosjekt blir å pusse opp badet.

I dag står det kommande badet heilt ribba i påvente av ferdige planar, rørlegger, elektriker, håndverker og diverse. Eg benytta då tida til å drømme meg vekk i ulike baderomsartiklar og utstyr..... Ja, det er faktisk muleg å drømme seg vekk i slikt. Her kjem både idéar vi kjem til å bruke og nåken idéar vi vurdera å sette ut i live. =)



Denne Monolith innbygningssisterna til vegghengt wc er ein av dei bedre nyhetane innafor sisterne på årevis! Denne fins med svart eller kvit frontplate i glass, og sideplatene er i børsta aliminium. I absolutly LOVE it! Trur denne må vurderast til badet...=)








fredag 10. september 2010

I`m walking on sunshine....

Vi har konsentrert oss om 1.etg i huset, og bestemte oss ganske fort for å legge nye golv. =)


Gammal linolium har sin sjarm, men vi dekka den med nye golv frå Alloc. I stova vår la vi eit nydeleg golv som heite Patinert Eik. Eg elska det! Mange har betenkeligheta ved bruk av laminatgolv med argument som: det er for kaldt og dårleg kvalitet, osv. Eg må seie meg uenig. Syns kvaliteten i dag har komt seg betrakteleg. På Alloc sine er det montert ei matte under kvar individuelle fjøl, som gjev både lyddemping og forminska varmetak gjennom golvet.

 Og så lekkert det er då mann! =)

Vedovnen

Det blir no mørkare tidlegare for kvar kveld, og ikkje minst kaldare, så då nærma vedfyringa seg med stormskritt. =) 


Frå før av var her ein vedovn. Ovnen var satt opp på eit slags podie dekka av forferdelege brun-beige fliser. Vi mistenke at podie var der for at forrige eigar satt i rullestol. Så i vinter fjerna vi både podie og ovn for å legge nytt golv i stovaDer var ein vesentleg forskjell i høgde på holet i pipa og holet i ovnen. Vi skal med tid og stunder gå til innkjøp av ny vedovn, men vi vil avvente litt. Derfor blei det ikkje gjort nåke inngrep i pipa for å endre høgda, så vi måtte forholde oss til den gamle opninga. 


Vi hadde då to alternativ. Det eine var å sette inn eit røyr med bend i, men då kom ovnen så langt ut på golvet at det hadde kome i konflikt med passajen inn i stova. 




Vi valgte å bygge opp ovenen igjen. Vi laga ramma i tre og dekka den med fliser. Samme idé, men akk så ulik utføring! 










Vi er veldig fornøgde med resultatet, og gleda oss til å ta den i bruk når kulda kjem.....
















Òg husk at alle kommentarar blir satt umåteleg pris på!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...