fredag 6. mai 2011

...A coat a day keeps the rot away....eller nåke sånt! =)

Hei hei, mine venner, då var eg her igjen!

No er våren verkeleg i gang og ymse skal gjerast i, og rundt, huset.
Huset vårt er som sagt frå 1970, og dei siste 8-10 åra før vi kjøpte det var nok stellet med huset så som så. Kledning må byttast med tid og stunder og vi vel derfor å ikkje bruke mykje pengar på å male huset. Men der fins alikevel små grep vi kan ta....




I går fekk eg for meg at å friske opp gelenderet på verandaen var presserande, og eg satte derfor i gang med å pusse det ned. Her ser dokke resultatet av det. Var i grunnen ein grei jobb, sia all malinga fort kom av med ei skrape. Deretter børsta eg over det med ein børste for å få vekk støvet.

I dag gjenntok eg børstinga og gjekk i gong med frisk mot, malingskost og spann med maling.Og viss eg skal seie det sjølv, så vart resultatet ei kraftig forbetring! No får vi sjå om vi tar fatt på muren på huset om ikkje så lenge. Hadde vore deileg å kvitte seg med den grusomme off-white fargen som er der no!
Håpa nåken vart inspirert til å ta fatt på eksteriøret sitt! 
Skikkeleg malerkost er halve jobben!
=)


Òg husk at alle kommentarar blir satt umåteleg pris på!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...