mandag 31. oktober 2011

Bitt av malebasillen! =)



No i sommar vart eg bitt av malebasillen. =)

Først ut var gelenderet på verandaen, som eg skreiv om i eit tidlegare innlegg.

Så sto "garasjen" for tur. Garasjen i anførselstegn fordi det er ein garasje bygd for tidlegare eigars rullestol, og ikkje kapabel til å romme ein bil.


"Garasjen" før eg måla.
"Garasjen etter  1 strøk med Beckers."





lørdag 29. oktober 2011

Høsten er her....bruk den!

No når høsten er her har eg store plana om å prøve å få utnytta den litt. I kveld vart eg veldig insirert av dei flotte blada på blodlønna vår uttafor kjøkkenglaset, og måtte rett og slett berre ta med kamera og ta litt bilder. Ikkje berre kan det bli flotte bilder, men eg har òg tenkt å presse ein del av dei i morra og bruke i diverse dekorasjonar til advent og jul.
(No meinte eg ikkje at mine bilder va flotte altso, for desse er berre tatt i hyrten og styrten!)




                                 Utruleg kor ulikt uttrykk det kan få med ulik bakgrunn og mengder.
Det kan hende eg snike meg bort til ein tidlegare nabo å "stjele" nåken av desse blada . Eg såg dei her ein kveld og kunne ikkje dy meg. Fargen var nesten neon-grønn, men mobilkameraet gjenngjev ikkje fargen korrekt. Det er jo så flotte fargar at ein blir forundra av at slikt fins i naturen!
=)

Har dokke andre forslag til ka eg kan gjere med dei, så tar eg gjerne imot!
 =)


Òg husk at alle kommentarar blir satt umåteleg pris på!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...