tirsdag 11. juni 2013

HVORFOR BLOGGE INNE NÅR MAN KAN JOGGE UTE?

Kremt...jogge og jogge fru Blom! Sjølv om lungene kjentes ut som dei hadde vore på 3 timers joggetur, var det nok berre ein aktiv gåtur som vart gjennomført. : ) Ein kan jo ikkje forvente at ein skal sture inne når det er 22 grader og strålande sol vel?
I dag vart det ein tur til Fløtravarden og det var min aller første tur opp der. Nydelig tur og absolutt ikkje den verste turen å ta! ; )
MEN...ein BURDE huske solfaktor når ein skal opp på snaufjellet....som dokke ser! He he!
Ja ja...dokke får legge igjen gulltips for lindring av solbrenthet i kommentarfeltet under! Det trengs! :D
~BENTE~

onsdag 5. juni 2013

TAKKEKORT TIL KORET


Denne første delen av 2013 har jammen vore travel og begivenhetsrik. Og mykje av dette har vore pga at eg vart valgt til korleiar for koret eg er medlem i. Ei ære, sjølvsagt,  men mykje ansvar og arbeid. Bloggen har dessverre fått lide av dette....

Men i kveld er dei 2 siste framføringane våre, og så er det sommarferie for oss! 

I den anledning har eg laga desse takkekorta til kvart medlem pluss dirigenten vår. Eg syns dei fortenar ei lita oppmerksomhet, og håpar dei vil sette pris på dette.

Sia det no vert ei pause med koret, håpar eg å få tid til meir blogg og kreative innslag! Det kriblar i fingrane etter å starte nye prosjekt!

Takk for titten innom!

- BENTE -

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...