torsdag 19. januar 2012

Inuitputer...love, love, love!!

Klikk på bildet for å komme til hviit webshop. Bildene er henta frå deira nettside.

Eg har sikla etter denne serien med puter av "By Nord" sia aller første gongen eg såg dei. Eg absolutt ELSKA den, og håpar at eg ein dag vil vere den heldige eigar av (i allefall) ei pute. Den puta med den eldste inuitten er eit stort putetrekk i 100% bomull i størrelsen 80 x 80, og er nok min aller største favoritt! På nettbutikken hviit skriv dei at dei har fylt den med ei sommerdyne, så den er nok ganske stor. Den har ein utsalgspris der på
 1259,-

Dei fire andre er i bomullsvelour med fotoprint i størrelsen 60 x 60, og heller ikkje nåke eg hadde surmula over å vore eigar av. Desse er mindre og har for tida ein redusert pris frå 1200,- til 
1090,-

Ja, eg veit....ein smule heftigt for lommeboka, men eg lure på om dei er verdt det alikevel?

Ka DU syns?

~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~

Eg vil i tillegg få vise fram putetrekka eg fekk til jul, "Broadway" frå Princess pluss eit putetrekk eg gav vekk, med store vanskar, i julegåve. Putetrekka mine har skrift om NYC i gråtonar, av 65% polyester og 35% bomull, og skal straks inn i sine respektive puter i sofaen. Lykke!


Gi-vekk-puta mi var av den nydelege Kathrine Hepburn i 60 x 60. Eg hadde så lyst på den sjølv at eg var litt småsjuke når eg pakka den inn. Men eg veit den no er under eit godt haud! =) I tillegg veit eg jo kor den vart kjøpt, så skal ikkje sjå vekk ifrå at eit eksemplar enda opp i sofaen min etterkvart.

Bildene tilhøyrer House of BO.



Eg trur eg etter denne tiraden om puter kanskje må innsjå at eg har putedilla....på lik linje med sko- og veskedilla. Ja, nåken laster skal ein dog ha her i livet, ikkje sant?
=)


(Legg gjerne igjen ein kommentar til meg, eller hak av på "Reaksjonar" rett under innlegget.)




Skittentøyspose frå H&M

Klikk på bildet for å komme til H&M nettbutikk.


Til kjøkkenet har eg kjøpt inn mange små kvite handkle, til litt sånt alt-mulig-bruk, og har i den anledning vore på utkikk etter ein tøff skikkentøyspose som kan henge på kjøkkenet. Så her ein dag var eg innom H&M sin nettbutikk og fann den her. Den virka for å vere passe stor, tøff og vaskbar. Så den gjekk rett i handlekorga mi, og dumpa nedi postkassa mi 4 dagar seinare. Så no skal eg berre få tak i eit par stilige krokar som den kan hengast på!



mandag 16. januar 2012

For tidleg med ny ønskeliste?




Det er vel aldri for tidleg å ønske seg ting til jul?

Vi har vel alle våre favorittbutikkar, enten det er i nærleiken eller om det er på nettet. Ein av mine absolutte favorittar er ein som befinn seg i Olden. Per`s Kro er ein kafe som har interiør/gåvebutikk under samme tak.  Her har eg funne mangt eit kupp til meg sjølv, og ikkje minst mang ei gåve til andre. Elly, som driv denne, er ei designinteressert dame frå Danmark som hentar inn varer frå forskjellige land.




   Elly har smykker, skinnjakker, sko, vesker og interiørgjennstandar for å nemne nåke. Hon er flink til å ta inn nye ting, og forholdsvis av kvar, så du sleppe sjå det samme om og om igjen. I tillegg har hon nåke for einkvar smak. Dette er riktignok ein liten butikk, men er ikkje det dei som vi oftast finn sjarmerande? Her er eit lite utvalg frå då eg var innom like før jul.


Tips meg gjerne om DIN favorittbutikk i kommentarfeltet under. 
                                =)



fredag 6. januar 2012

Eg slenger meg med på ein "Giveaway"


Eg kom over denne bloggen med ein fantasktisk "Giveaway" og fann ut at eg berre måtte vere med!

Stikk innom ein tur du òg?
Klikk her!

onsdag 4. januar 2012

Nokre heimelaga julegåver....



Ein kan jo sjølvsagt ikkje vise fram julegåvene før etter Julafta, så her kjem nåken bilder (dessverre av ringe kvalitet pga mobilkamerabilder) av mine små forsøk på heimelaga julegåver. Eg laga blant anna smykkeesker til mamma og mine svigerinner Marit Helen og Kathrine.

(Framgangsmåten under bilda.)





  • Eg starta med nåken treesker eg hadde fått tak i, og demonterte handtak og strikken.
  • Så dekka eg endane på eska med trelim, festa dekorert papir til dette, og trimma kantane rundt nøye med ei lita brodérsaks.
  • Eg tok så for meg resten av eska på same vis. (Dette er eit litt pirkete og tidkrevande arbeid viss du vil ha eit fint resultat.)
  • Deretter laga eg hol til og festa handtak og strikk tilbake att på eska.
  • Nest sist pynta eg eskene med diverse småpynt, som kantband, perler, steinar, blonder o.l.
  • Og heilt til slutt la eg ein smykkepose oppi kvar eske.

Mottakarane virka ikkje altfor misfornøgde, så eg trur resultatet ikkje vart så verst! 
=)

(Klikk på bilda viss du vil sjå dei i eit litt større format, og kommenter gjerne i feltet under.)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...