tirsdag 26. juni 2012

For mange prosjekt, altfor lita tid....



Neidå, eg har ikkje slutta å blogge!
Det har skjedd så veldig mykje i det siste at eg ikkje har funne tid til blogging.
Eg skal ta ein grundig oppvask med meg sjølv, og få ut alle dei ferdige prosjekta mine, men det MÅ dessverre vente til neste veke...
Eg vender snuten sørover i morra og blir der til mandag.

Eg takkar alle dei som alikevel er innom meg sjølv om det har vore stille!!

Eg kjem straks tilbake!

Ha ei god veke! 
:D

-BENTE-

søndag 10. juni 2012

The Phantom of the Opera.....

Av og til må ein berre legge ut eit innlegg som er lite design-relatert og meir personleg prega. Men er det ikkje slik vi blir bedre kjent med personen bak bloggen? :D
I helga har eg vore ilag med koret mitt til songarstemne i Sogndal. Eit litt utradisjonelt stemne med ein "workshop". Eit fantastisk opplegg, med fantastiske pianistar og ikkje minst ein fantastisk dirigent ! Vi fekk fleire kategoriar å velge mellom, og vårt kor valde "Musikal". Som dokke sikkert har skjønt, så enda vi opp med ein medley frå musikalen
"The Fantom of the Opera".
Det var ikkje berre synging som sto på programmet! Det vart lagt stor vekt på det sosiale samværet i tillegg. Vi var blant anna på "Joar`s" og åt den mest utrulege kalvebiffen ever, etterfulgt av ein nydeleg sjokoladefondant med sorbetis.
Men sjølvsagt var det synging som stod mest i fokus.
:D

Det er ein ubeskriveleg følelse å stå ilag med 100 andre korfantastar og synge dette repetoaret! Og muligens endå meir ubeskriveleg å stå på scena ilag med 200 andre korfantastar for fellesnummera "Carmina Burana" 
(Har du ikkje høyrt denne, så bør du absolutt sjå denne videoen:)
"Do you hear the people sing" og "Fagert er landet". Eg har sjølvsagt ikkje bilde frå under konserten, då eg stod litt opptatt der nede til høgre og song, men her er eit tatt ei lita stund før konserten begynte. 

 Det var ein flott konsert og ei flott avslutning på helga!

Korleis har dokke tilbrakt helga?

-BENTE-


(Ei lita oppdatering med bilde lånt frå 
Hans Jakob Reite sin NRK-blogg. 
"The Fantom of the Opera"-koret)

mandag 4. juni 2012

Heimelaga Sjarmør......

Det aller nyaste tilskuddet til klanen vår er det vesle søskenbarn mitt, Johannes. (Ikkje han på bildet altså! :P)
(Onkel er berre 6 år eldre enn meg. Besteforeldra mine fekk seg ein attpåklatt 20 år etter mamma.)
Han skal døypast i sommar, og i den anledning ville eg lage ei gåve til han.

Eg har hatt fleire hekle-prosjekt på gang, og tenkte eg kanskje kunne finne ei oppskrift på ei hue eller nåke slikt.
Men så kom eg jo over denne kjempesøte bamsen!
Eg MÅTTE jo berre prøve meg på den!


Eg må få skyte inn at eg
IKKJE har hekla nåke særs tidligare. Mange er redd for å prøve seg, men eg finn at i dei fleste oppskriftsbøkene er det flotte forklaringar og veldig gode illustrasjonar for oss nybegynnerar. I tillegg er YouTube eit kjempeflott hjelpemiddel! Bamsen fann eg på YouTube, og den er hekla etter tyske instruksjonar. (Ikkje det lettaste prosjektet eg har begitt meg ut på sia eg ikkje er stødig i tysk! ) Mitt aller første prosjekt var ein poncho med god hjelp av mamma. Så har det blitt nåken små prosjekt desse siste 2 vekene før den her sjarmøren kom min veg.
That`s it!

Den er hekla med SandnesGarn for nål 8-9, og hekla med ein nummer 9 heklenål.
Eg valde heilt andre fargar enn det som var foreslått, og den blå stripa på magen og begge armane er min eigen design. Eg syns det vart litt meir karakter over "Sjarmøren" med dette.
Til slutt fekk han seg eit lyseblått silkeband rundt halsen.


Denne bamsen gjekk såpass greit å lage at eg no skal til på ein til.

Eg og bamse vil med dette ønske dokke alle ei god veke!

-BENTE-



LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...