onsdag 27. mai 2015

KJOLESERVIETT TUTORIAL - DIY




Har fått spørsmål om veiledning/tutorial på denne kjoleservietten så her kjem eit forsøk på det. Det er mange små steg i denne, men når du først har laga èin er det enkelt.
Så ta ein serviett og bli med! ;)

Start med å brette ein serviett heilt ut. Om den har mønster/farge på kun ei side skal denne ned. Brett inn mot midten som vist på bildet.




Brett heilt ut igjen, og ha mønster/fargesida opp. No skal ein brette dei to brettane ein laga først, inn mot midten.




Snu så og brett eine kanten opp. Her kan ein prøve seg fram på kor langt opp eller ned ein velg å brette, men eg syns livet på kjolen blir finare viss det står igjen ca 4 cm som på bildet. Så skal det brettast ned igjen for å lage eit liv i kjolen. Her syns eg 2 cm er nok, så lagar ein brett der peikefingeren min er.




Då skal servietten sjå ut som første bildet over. Snu og brett ned to krager. Det er viktig at når du brettar ned desse at dei er i denne vinkelen og at du stopparbretten der servietten bakom stoppar. (Du vil skjønne ka eg meinar når du er på dette steget.) Deretter kan du brette dei opp igjen og snu servietten.




No skal ein brette ned "ryggen". Den skal brettast så langt ned at du du treff der dei to kragane bakom sluttar. No kjem partiet som er litt vanskelig å forklare, men om ein ser på bildene trur eg det er forståelig alikevel. Du skal no stryke ned denne kanten til ryggen, og då vil du sjå at servietten nesten naturleg legg seg i dette "sommerfulg"-mønsteret. 




Stryk kantane i desse to treangela ned slik at det ser ut slik som på bildet. Snu så servietten igjen. Holde ein finger i livet på kjolen med eine hande for så å ta tak i nederste kjørtekant med andre. Dra servietten så forsiktig litt ut til sida. Her bestem du kor mykje eller kor lite ein vil trekke ut, men eg vil anbefale å vere litt moderat for finaste resultat. Men sjølvsagt nok til at du får effekten av ein splitt framme på kjolen.




Snu servietten og brett inn sidene. Desse skal følge den naturlige linja som er skapt av "sommerfulg"-trekanten og den bretten som går ned langs skjørtets bakside.




Her treng ein berre stryke bretten i livet på kjolen ned, men om du syns det er vanskelig å holde styr på servietten, så berre stryk bretten ned langs heile kjolen. No skal du gjenta samme prosedyre med å holde ein finger i livet og dra skjørtekanten ut til sida.




No nærmar vi oss slutten altså. ;)
No lagar vi ein brett som går heilt i kanten på nederste delen av skjørtekanten. Sjølvsagt på begge sider. Den skal no sjå ut på framsida slik som bilde tre over . Siste steget skjer òg på baksida.



Brett til sida slik at det blir skapt ein spiss oppe. Eg syns det er finast om ein får bretta ned til livet, men dette bestem du sjølv. Gjer dette på begge sider og snu.
Et voila! ;)

Det kan sjå litt vanskelig og innvikla ut, men om du hentar ein serviett og prøvar er eg ganske sikker på at du får det fint til! 
Det er òg lov å seie ifrå om nåken punkt er uforståelige! 
Då ønsker eg dei som prøvar seg, lykke til! 

- BENTE -

lørdag 16. mai 2015

HIPP HIPP HURRA!!



"Ja, vi elsker dette landet, som det stiger frem!"

Då er det 17.mai igjen!
I år har eg laga gulrotkake og pynta den med Non-Stop. 
Resultatet vart vel så som så, men det likna no på flagget i det minste! 
;)




Bunaden er ein sjølvfølge for meg som er så heldig å ha.
Dette er Nordfjordbunaden og den fekk eg til konfirmasjonen.




Den er brukt mykje, både i dåpar, konfirmasjonar og kvar einaste 17.mai.




Bunaden er ei drakt eg er evig takknemlig for at eg fekk, og kjem til å bruke den ved alle passande anledningar så lenge eg kan.
LOVE IT!
:D




Uansett kor du måtte befinne deg i dette vakre landet vårt vil eg ønske deg og dine ein riktig god 17.mai!

GRATULERER MED DAGEN & HIPP HIPP HURRA!

- BENTE -

tirsdag 12. mai 2015

KJOLE SERVIETT




No i desse 17.mai- og konfirmasjonstider er det på sin plass med litt serviettbretting! 
Denne gongen vart det ein kjole.




Dei gjer seg like fint i ein konfirmasjon som i ein dåp.




Eller ka med i eit sommarselskap?




Eller kanskje skjorte med slips slik eg laga til ein 85-årsdag?
Sjå innlegget her.




Mykje morro ein kan lage med serviettar.
Her er innlegget med gjer-det-sjølv bretting av kaniner eller bunnies.




Uansett ka for ein annledning eller ka utføring ein går for, så tenk på at det ligg ein del arbeid bak før du sett igong med store mengder. 




Men gjestane blir garantert imponert om du tar deg bryet!
:)


Legg igjen eit pip om det er ønskelig med ein veiledning/tutorial.


- BENTE -

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...