søndag 28. mai 2017

Heimelaga iskrem / homemade icecream




Oh, yes!
Her i heimen har det i det siste gått i kreativitet i form av baking og kokkelering på kjøkkenet. 
Denne gongen vart det heimelaga iskrem.



Siden det skulle lagast både eggedosis og krem, så "måtte" eg ta fram begge maskinane mine. Den til høgre var ei gåve frå bestemora på eine sida, og den til venstre arva eg frå bestemora på den andre sida. Så vi kan seie dei begge var med i ånden. ;)



Så ei bolle med 5 eggeplommer med 125 gram sukker vart miksa til eggedosis.




Og ei bolle med 5 dl fløyte og 2 ss sukker vart piska til krem.




Så smelta eg 200 gram melkesjokolade i vannbad. 
*Kremt*...eg vil IKKJE anbefale den metoden her, då litermålet mitt enda opp med ein nåke deformert bunn...oh lord...he he.




Eg blanda så inn 2 ss med Nesquick i kremen. Her kan ein blande inn vaniljepulver, eller anna smakstilsetning som Baileys for eksempel, alt etter ka smak ein ønsker.




Når dette var blanda, så tilsatte eg den smelta sjokoladen, eggedosisen, samt ca 100 gram hakka melkesjokolade. Dette folda eg forsiktig inn i kremen, til det var godt blanda. Så helte eg det oppi min matboks i plastikk. Den var heilt perfekt til denne porsjonen. 




På toppen strødde eg 100 gram med hakka melkesjokolade, og heiv heile greia i frysen. Den må stå minst 6 timar, men det skal ingen røring til. La den berre stå å kose seg i frysen til den er klar til servering. 


Viss eg skal gje eit lite tips, så ville eg muligens kutta litt ned på mengden sjokoladen. Muligens valgt å droppe den smelta sjokoladen, og erstatte den med nåke anna, som for eksempel, syltetøy, appelsinjuice eller friske bær. 

Okei, det her var mitt kreative påfunn. 
Gjerne kommenter under om du prøvar deg på iskremen, eller har gode forslag til smakar. 

Til neste gong.. :)


- BENTE -

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...