torsdag 6. august 2015

INVITE NATURE IN..



Eg har alltid hatt sansen for å bringe naturen inn.  




I dag enda eg opp på ei strand ved ein tilfeldighet. Eg unna meg ein sightseeingdag og måtte berre parkere og ta med kamera ned til vatnet når eg kom over denne plassen. 




Naturen er fantastisk, og heile denne stranda var dekka av sjøgras, tang og tare, skjell og fantastiske rullesteinar i alle størrelsar. Eg har lenge tenkt på å anskaffe meg nåken sånne rullesteinar.




Så det var berre å forsyne seg, ta dei ein runde i vasken når eg kom heim.....
et voila! 
No har dei fått sin plass på besteforeldreskjenken min og dei balanserar der som eit lite kunstverk i stova..




Både stranda, turen og steinane er vel det vi kan karakterisere som kvardagslykke..? 
:)


- BENTE -

søndag 2. august 2015

SMÅ GLEDER...




Etter 4 dagar på Sommertreff for tegnspråkelige på Otta, var det flott å komme til denne buketten som stod i full blomst ved heimkost. 
Berre ein liten kvast eg kjøpte til meg sjølv forrige helg, som tydelegvis trivast!

Sia sola skin i bartebyen i dag har knoppane spretta ut endå meir.

Håpar alle har det fint i desse ferietider! ;)


- BENTE -

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...