torsdag 31. mai 2012

Mitt bloggekamera

Den fabelaktige Maia har ei utfordring på gong som går på ka kamera vi brukar i blogginga. Eg har i lang tid brukt kameraet som er på min HTC Sense, og det har gått greit. Men det er klart at mitt Nikon D5000 tar så til DEI grader bedre bilder enn eit mobilkamera! :D



Det vart kjøp under Moldejazzen for nåken år sida (etter ein fantastisk Melody Gardot konsert!) men hadde ein liten dvale då eg ikkje fann igjen ladaren .
Eg elskar det, men kan dessverre altfor lite med det endå.

Og sjølv om eg ikkje kan så altfor mykje, så har eg allereie skjønt at eg gjerne ville ha fleire objektiv! 
Ei macrolinse og ei paparazzilinse hadde vore kjærkomne tillegg til familien. 


Så dei fleste bildene du ser på bloggen min er tatt av dette vidunderet her. Og det er sjølvsagt mobilkameraet mitt som står for dagens bloggbilder!

Eg tar gjerne imot tips frå andre Nokianerar om ka objektiv eg burde anskaffe meg, og generelle tips og råd!



Her i gården har ryggen fått seg ein liten knekk, og dermed er min aktivitet litt redusert, men eg satsar på at dagens behandling (les tortur) hos fysio gjer susen og at helga blir bra!

Eg ønske dokke alle ein flott siste dag i mai!

fredag 25. mai 2012

Gåver på repetisjon....

Eg skulle på besøk til Sissel på torsdag, og sia den dama alltid serverar nydeleg mat og fantastisk godt selskap ville eg ta med ei lita oppmuntring til ho. Eg prøvar så godt eg kan, som så mange andre i bloggland, og benytte meg av resirkulering.

Eg lagde denne vesle "vasen" av eit gammalt eplemosglas. Båndet kjenner du kanskje igjen frå eit blomsterbukett eg skreiv om i forrige innlegg?  :) Så toppa eg det heile av med kvite kvistar av "Rododendron" frå min eigen hage samt ei handfull av det er trur må vere min absolutte favoritt av uteblomar, nemleg "Forglemmegei". 

Dei kryr på tomta mi og eg får ikkje nok av dei! Snakk om små perfekte drypp frå naturen si side. På samme kvast kan du finne rosa, lilla og blå blomer, og i tillegg er nåken gule i midten og andre kvite....fasinerande!
Bildene mine yte dei rett og slett ikkje rettferd, men men. 

: D



Ha ei topp helg!



tirsdag 22. mai 2012

Middag for èn i stil? :D

Når House of BO-mannen kun jobbar natt vert det av og til nødvendig med middag for kun meg.
Men lar denne madammen seg affisere av slikt og kun slenger inn ein Grandiosa i ovnen?
Jo...okei, det skjer faktisk, men ikkje alltid...! He he!

Men i dag hadde eg lyst på grilla kylling som eg marinerte i går, så då slengte eg kòl på grillen og satte igang!
(Eg grilla eit par ekstra som eg sender med sambuaren på jobb.)

Så dekka eg på ute på min vesle veranda med dekkebrikke, t-lys, stetteglas og fine serviettar.
Skal ikkje så mykje til for å sette litt ekstra piff på det. Og maten smakar absolutt bedre når augene òg får nåke føde. :D

Så var det klart for middag for 1 i stil!
(Litt stil i allefall, he he!)
Bon Appetit!
:)

mandag 21. mai 2012

Good friends, good times.....

18.mai hadde vi nåken venner på ein liten "aften" hos oss. Så utruleg koseleg når folk stiller på sjølv om det ikkje alltid passar så veldig godt inn i skjemaet.

Når den eine dukka opp med denne flotte buketten frå sin eigen hage, vart eg SÅ glad! 
Eg vil berre dele synet av den med dokke!

Enjoy....






Ha ein strålande dag, folkens!
: D

tirsdag 15. mai 2012

Dei(g)lig syn? : D

Det har no vore passeleg  dårleg veir her (og i allefall ikkje nåke veir å vere ute i) og ka skal ein då finne på for å få tida til å gå? 
Vel, sia bøndene aksjonerar og tømmer butikkhyllene for brød, fann eg det best å sette ein deig.
Eg satte deig til 3 brød, og satte meg så i sofaen for å holde på med prosjekt "hekling" (som for øvrig kjem i eit seinare innlegg.) og slappa rett og slett litt av. Når eg etter ein times tid skulle eit anna ærend på kjøkkenet var det dette som møtte meg! 
Eg måtte berre le!
Når eg hadde fått tatt bilder, og rydda opp, forma eg brøda og lot dei etterheve oppå steikeovnen. DOG;
denne gongen fulgte eg faktisk med på prosessen! =) 

Dei heva seg fint, og når dei nærma seg velte-utav-forma-si-stadiet satte eg dei inn i ovnen og nøyt dufta av nysteikt brød i over 40 min. 
Eg syns no resultatet vart bedre enn det først såg ut til å bli!
=)

Så no er kveldsen inntatt og ei temmeleg mett Bente sitte henslengt i sofaen og skal straks fortsette på prosjektet "hekling"!
Ein strålande midtveke til dokke alle! 

onsdag 9. mai 2012

Prosjekt : "Redd grillen!" :D

Vi har hatt denne tønnegrillen i snart 4 år. Kjøpt på Plantasjen og kanskje ikkje av verdas beste kvalitet, men likefullt veldig godt brukande. Den har heller ikkje fått det beste stellet, og har måtte tåle ein vinter eller to ute uten dekke.

Så regn og snø har tatt sin toll på denne stakkars skapningen, og no følte eg at den fortente nytt liv i staden for å ende på dynga. Den fekk seg ein grundig vask og etterpå fekk den stå til tørk i ein dag. 
Eg ville ideelt sett ha skura den skikkeleg med stålbørste, men hadde rett og slett ikkje slikt for hand, i tillegg til at eg trur at ein runde med dette ville muligens ha etterlatt meg med ein haug med rust og lite grill. Så derfor vart det slurva litt med grunnarbeidet. 

Eg hadde på førehand kjøpt inn ein spraylakk frå Biltema som tåler opptil 600 grader, og satte så igang med jobben. Eg starta med bunnen på utsida av grillen, og skjønte ganske raskt at eg ikkje ville ha nok til heile grillen med berre ein boks. Så når piffen gjekk utav boksen satt eg igjen med ein halvlakka grill. Sia vi hadde nesten ei veke med solfylte dagar foran oss vart det bestemt av vi fekk bruke grillen i mellomtida, og heller gjere resten av jobben når vi fekk tak i meir.

No bur eg 1.5 t frå nærmaste Biltema, så det er ikkje berre å svippe innom ein tur, men eg var så heldig at far min skulle handle litt der sjølv berre få dagar etter. Han kom dessverre heim igjen med uforetta sak, fordi russen hadde kjøpt alle boksane for å spraye motorrommet på russebilane sine slik at dei ser shiny og new ut.  Men papsen fekk tak i ein spraylakk hos BilXtra som tålte heilt opp til 690 grader, og denne butikken ligg berre 30 min unna.

Så no gjenstår det berre for meg å reingjere grillen innvendig (igjen), og at sola gløttar fram i ein dag eller to!
: D

God onsdag til dokke alle! 

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...