torsdag 19. januar 2012

Inuitputer...love, love, love!!

Klikk på bildet for å komme til hviit webshop. Bildene er henta frå deira nettside.

Eg har sikla etter denne serien med puter av "By Nord" sia aller første gongen eg såg dei. Eg absolutt ELSKA den, og håpar at eg ein dag vil vere den heldige eigar av (i allefall) ei pute. Den puta med den eldste inuitten er eit stort putetrekk i 100% bomull i størrelsen 80 x 80, og er nok min aller største favoritt! På nettbutikken hviit skriv dei at dei har fylt den med ei sommerdyne, så den er nok ganske stor. Den har ein utsalgspris der på
 1259,-

Dei fire andre er i bomullsvelour med fotoprint i størrelsen 60 x 60, og heller ikkje nåke eg hadde surmula over å vore eigar av. Desse er mindre og har for tida ein redusert pris frå 1200,- til 
1090,-

Ja, eg veit....ein smule heftigt for lommeboka, men eg lure på om dei er verdt det alikevel?

Ka DU syns?

~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~

Eg vil i tillegg få vise fram putetrekka eg fekk til jul, "Broadway" frå Princess pluss eit putetrekk eg gav vekk, med store vanskar, i julegåve. Putetrekka mine har skrift om NYC i gråtonar, av 65% polyester og 35% bomull, og skal straks inn i sine respektive puter i sofaen. Lykke!


Gi-vekk-puta mi var av den nydelege Kathrine Hepburn i 60 x 60. Eg hadde så lyst på den sjølv at eg var litt småsjuke når eg pakka den inn. Men eg veit den no er under eit godt haud! =) I tillegg veit eg jo kor den vart kjøpt, så skal ikkje sjå vekk ifrå at eit eksemplar enda opp i sofaen min etterkvart.

Bildene tilhøyrer House of BO.



Eg trur eg etter denne tiraden om puter kanskje må innsjå at eg har putedilla....på lik linje med sko- og veskedilla. Ja, nåken laster skal ein dog ha her i livet, ikkje sant?
=)


(Legg gjerne igjen ein kommentar til meg, eller hak av på "Reaksjonar" rett under innlegget.)




9 kommentarer:

  1. Nydelige puter - skjønner veldig godt at du ønsker deg disse!
    Ha en fin dag!

    Klem, Marianne.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, ikkje sant, Marianne? =)
      Dei har dei på ein butikk i nærheten av meg, så der skal eg innom i dag for å sjå om dei har satt desse ned. Koseleg at du stakk innom, vart følger ÒG la igjen ein kommentar til meg! Velkommen igjen!

      Slett
  2. Hei Bente:)
    Kjempestilige puter. Er ikkje dette ByNord-puter? Dei finns med hjort, sau og diverse dyr og..kjempestilige og dyre ja! Men ein kan jho alltids spare litt (sjølv om det i mitt tilfelle sjelden skjer;) Se du har leika deg i photoscape/Picasa, moro?;)
    Ha ein fin dag!
    Klem:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Heisann, Bjørg! =)

      Ja, damen kan sin design, skjønnar eg! =)
      Joda det er design frå By Nord, som for øvrig har ekstremt mykje fint. Dog dissa putene med inuitt-print er dei som får meg til å sukke. Dei er (som du seier) dyre, men oi oi oi kor lekkert!
      Eg har dessverre bursdag i august, som du veit ;P , så å ønske seg dei til det blir litt langt fram i tid...?
      Butikken eg skulle innom, To Damer, hadde dessverre stengt når eg kom, så fekk ikkje undersøkt prisen på dei der i dag.

      Òg tusen takk for tipset om Photoscape, Bjørg! Du merka vel at bloggen fekk eit litt anna utrykk med ein gong? Så glad for det!
      Håpar du får ein flott dag òg, og kosa deg i "jentemodus" i helga!
      Klem =)

      Slett
    2. Eg har i etterkant lagt til By Nord til innlegget, Bjørg. =)

      Slett
  3. Kjempe flotte puter, men *kremt*, litt i dyreste laget for mitt budsjett;);)
    Men kanskje de kommer på tilbud en dag?;)

    Tusen takk for en fantastisk flott komentar på min blogg!!! Varmer ett blogghjerte<3

    SvarSlett
    Svar
    1. Heisann!
      Ja, drømmen min forblir nok ein drøm i laaang tid framover...sukk!
      Men håpet om tilbud er tilstedet. =)

      Kommentaren var vel fortjent, og eg ser fram til nye innlegg! =)

      Slett
  4. MÅ jo bare elske By Nord :)

    Ha en finfin onsdagskveld og lykke til i giveawayen!
    -Signe

    SvarSlett
    Svar
    1. Heisann Signe!

      Ja, kan jo ikkje anna! =)

      Håpar eg vinne, for dei lysestakane var aldeles nydelege!

      *krysse fingrar*

      =)

      Slett

Tusen takk for at du legg igjen ein kommentar til meg!
Sånt varmar mitt bloggar ♥

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...