onsdag 1. februar 2012

Går våren i møte...med gresskar! =)

Klikk på bildet for å komme til nettbutikken til Lobelia
(Krokane i midten fekk eg i gåve frå butikken)

Når eg skulle bestille nåken krokar til kjøkkenet på Lobelia for ei vekes tid sia kom eg over desse flotte gresskar oljelampane i glass til 50% rabatt. Når ein bestiller i nettbutikkar må ein som regel over ein handlekorg på 200 kr ellers ekspederar dei ikkje ordren. Når dei små krokane mine ikkje akkurat rakk opp til den sperra tok eg liksågodt å bestilte 2 av desse i samme slengen. Dei står karaktisert som "små", men det kun fordi der fins større utgåver, og ikkje fordi dei er små i størrelsen. Dei har eit antikt preg over seg, og eg ser virkeleg fram til å kunne dekke bordet på uteplassen til sommaren med desse. Eller kanskje eg må snike dei ut på verandaen når temperaturen snike seg oppover på gradestokken og det er muleg å kose seg med eit glass vin, inntulla i eit teppe mens ein nyte den flotte solnedgangen......

No kan i grunn våren komme....ikkje sant?
                       


2 kommentarer:

  1. Nydelige lykter!

    Ønsker deg en fin ettermiddag! Klemmer, Marianne.

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for hyggeleg besøk, Marianne. =)

      Eg er veldig fornøgde med desse lyktene. Dei kosta berre 49,50,- for stykket og eg er kjempefornøgde med innkjøpet! =)

      Ein triveleg kveld til deg! =)

      Slett

Tusen takk for at du legg igjen ein kommentar til meg!
Sånt varmar mitt bloggar ♥

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...