tirsdag 20. september 2016

Busy, busy, busy....

Det er ikkje enkelt å skal holde ved like ein blogg om interiør og diverse når ein kontinuerlig jobbar med ein bachelorgrad på eit heilt anna felt. Eg går med konstant dårlig samvittighet for at eg ikkje har lagt ut nåke nytt til mine trufaste følgerar. Men sånne periodar trur eg alle bloggarar har. Det vil IKKJE sei at eg har missta interessen for interiør, men at tida ikkje strekk til. Eg er fremdeles inne og ser hos andre og prøvar å holde meg oppdatert. Eg har eit par interiørrelaterte innlegg på gong, men i dag skal eg vise fram nåken bilder eg godt kunne tenkt meg i stort format på veggen heime. Fotografen er meg sjølv og motivet er flotte Å i Lofoten som eg var innom på min nord Norge ferie. Ei heilt fantastisk veke i vårt flotte nord. Ord strekk ikkje til, så då lar eg berre bilda snakke for seg sjølv.




Eg skal prøve å komme oftare innom, for eg har faktisk fremdeles nåke på hjertet. Om det alltid blir innlegg på bloggen, er heller usikkert. Eg vil anbefale å følge meg på Instagram. (Linken i fanen over.) Akkurat no er eg i praksis i nåken veker, så aktiviteten blir deretter mest truleg. ;) Eg vil takke deg som er innom og håpar du tar turen igjen snart. ;)

-BENTE-



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for at du legg igjen ein kommentar til meg!
Sånt varmar mitt bloggar ♥

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...