onsdag 18. november 2015

NATURLIG NOK



Over 100.000 klikk på sida!
(Nei, det var ikkje dette eg meinte med naturlig nok. ;) )
Overvelda og takknemlig.. 


I desse travle tider med ny utdanning, er det ikkje lett å holde bloggen oppdatert med fortløpande innlegg. Det viser seg i tillegg at blogging minkar i popularitet og at Facebook og (kanskje ikkje minst) Instagram er foruma ein rekk fram i.
(Korleis komme til mine kontoar ser du i dei fanene øverst på sida.) 
I dag vil vi ha det kort og kjapt servert. 
Naturlig nok... 

Og når vi snakka om natur.. ;)
I forrige innlegg fortalte eg kor glad eg er i å bringe naturen inn. Eg tenkte eg no skulle vise dokke eit eksempel til, og det er "lampa" eg har ordna i stova mi. Greina fann eg i fjæresteinane etter orkanen Dagmar. Den var heilt fri frå bark når eg fann den, og søkk igjennomvåt. Etter nokre veker med tørking vart den heilt kvit pga saltet frå sjøen. Eg kjøpte meg så ei lyslenke som eg tvinna rundt denne greina, og eg simpelthen ELSKAR heile "lampa". 

Den MÅTTE bli med på flyttelasset til Trondheim! 
Det resulterte i at mine foreldre transporterte den hit i campingvogna fordi den var for lang til både bil og hengar. 
*GLISER*


No er det ikkje lenge til jul, folkens!
Eg har ikkje fått julestemning endå heldigvis, men ein skal ikkje sjå vekk ifrå eit innlegg eller to om det framover... 

Til neste gong følgarar!
:D

- BENTE -

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for at du legg igjen ein kommentar til meg!
Sånt varmar mitt bloggar ♥

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...