Vårt neste store prosjekt blir å pusse opp badet.
I dag står det kommande badet heilt ribba i påvente av ferdige planar, rørlegger, elektriker, håndverker og diverse. Eg benytta då tida til å drømme meg vekk i ulike baderomsartiklar og utstyr..... Ja, det er faktisk muleg å drømme seg vekk i slikt. Her kjem både idéar vi kjem til å bruke og nåken idéar vi vurdera å sette ut i live. =)

Denne Monolith innbygningssisterna til vegghengt wc er ein av dei bedre nyhetane innafor sisterne på årevis! Denne fins med svart eller kvit frontplate i glass, og sideplatene er i børsta aliminium. I absolutly LOVE it! Trur denne må vurderast til badet...=)

Den skal vere stooor og god.
Ein skal sleppe å dunke borti nåke når ein huka seg for å vaske beina f.eks. Vi har valgt ei løysing i samme gata som dusjen på bildene. Det skal vere ein glassvegg som er 120 cm lang og som går nesten til tak. Den skal vere plassert 130-150 cm ut ifrå veggen. Der har dukka opp nåken slike dusjveggar dei siste åra, men prisen har vore ganske høg. Det har gjort at vi kjem til å høyre med glassmesteren om ein spesiallaga vegg. Veit det høyres ut som eit mykje dyrare opplegg, men har snakka med mange som har fått laga diverse glassveggar og speil og dei er positivt overraska over prisen. Kjem tilbake med mi erfaring på dette ved eit seinare tidspunkt....

Ps: Viss ein skal støype ei benkeplate sjølve må ein huske å ta hensyn til hol for både avløp og blandebatteri til vask. I tillegg må ein armere for at den ikkje skal brekke. Eg vil dokumentere vår prosess når den tid kjem.
Òg husk at alle kommentarar blir satt umåteleg pris på!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Tusen takk for at du legg igjen ein kommentar til meg!
Sånt varmar mitt bloggar ♥