lørdag 5. november 2011

Utskifting av rekkverket på verandaen min....

Verandaen vår frå då vi var på visning....


Etter å ha budd i huset i 2 år fann eg nyleg ut at plankane på gelenderet på verandaen var pill råtten. Det var først når eg var ute å inspiserte kledninga på huset at eg kom på at eg skulle sjekke verandaen òg. I underkant av alle plankane hadde veta trukket inn og treverket gjekk i oppløysing i hendene mine.

Så vi satte igang med å rive alle fjølene til det kun sto igjen rammeverket og toppen av gelenderet. Dette er i god stand og vart malt tidlegare i sommar som beskrevet i dette innlegget A coat a day....











Det neste på lista var å måle opp kor mange meter med materiale vi trengte for å dekke både lang- og kortsidene. Sia vi har eit rammeverk i metall og forbora hol til planken måtte vi ta hensyn til dette og velge samme design som før. Dybde og bredde på planken vart òg målt. Når dette var gjort reiste vi til Utvik Bygg AS . Der fekk vi vete at den dimensjonen vi vart ute etter ikkje lenger var standard. Måtte eventuelt spesialkappast og høvlast. Typisk... Men sånn går det når huset har samme kledning som når det vart bygd i 1970. =)


No skulle vi skifte ut alle fjølene, så for verandaen sin del utgjor ikkje det så mykje. Men ved utskifting på sjølve klendinga på huset vart det litt kronglete i og med at vi ikkje bytta ut heile lengder, men valgte å kappe va 75 cm opp på veggen. Dei nye var 3 mm djupare, og dermed måtte vi bruke "Fug og lim" i skøytane då overlappinga ikkje stemde heilt. Men etter det er mala kan ein ikkje sjå dette uten å stå heilt på nært hold......

......men tilbake til verandaen! =)

Vi skråkappa til lengdene med 45 graders vinkel for skøyten. Hadde vi tenkt oss litt meir om ville vi nok enda opp med lengder som dekka heile fronten i stadenfor ein skøyt,  i og med at dei lagerfører lengder på 5-6 meter. Skøytane vart forsterka med trelim. Skruane vi brukte var så lange at dei akkurat passerte midten av dybda på planken (etter anbefaling av fagfolk). Og skru frå innsida og ut mot planken vil jo alltid gje finast resultat. =)

Skøyten frå innsida av verandaen.
Å få skøyten til 100% er vanskelig.....


Når alle nye fjøler var på plass mala vi verandaen ilag med resten av huset! =)
Eg må ærleg innrømme at det er utruleg kjekt å bli stoppa nesten kvar gong eg er på butikken eller kaféen med ein kommentar om kor fin den nye fargen på huset er! 
Så takk for det! 
=)
Òg husk at alle kommentarar blir satt umåteleg pris på!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for at du legg igjen ein kommentar til meg!
Sånt varmar mitt bloggar ♥

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...