tirsdag 1. november 2011

Nåken tips og råd når den store malerjobben ute står for tur......






  • Start med kledninga på huset og ta grunnmuren til slutt viss ulike fargar.
  • Vask huset. (Vi brukte "Killer" som vi sprøyta på, lot vere i 10 minutt.) 
  • Ikkje bruk høgtrykkspylar då den pressar vatnet inn i treverket og gjer tørkeprosessen lang.
  • La huset tørke eit par dagar etter denne behandlinga.
  • Skrap av lause malingsflak. (Denne jobben var den største på vårt gamle hus. Det tok ei vekes tid.)
  • Børst over veggane med ein kost slik at overflata er reinast muleg før maleprosessen.
  • Sjekk om panel, eller delar av panel, må byttast ut og gjer det på dette tidspunkt.
  • Sjekk veirmelding og sats på dagar der det er meldt minst 3 dagar uten nedbør. 
  • Bruk ein dekkande maling og ver raus med malinga på rulla og kosten. (Vi brukte Drygolin og 23 liter maling holdt til 1 strøk, og sia den var so dekkande slapp vi unna med det eine. Vi var 4 mann og brukte 2 heile dagar på eit hus med 70 kvm i grunnflate.)
  • Alfa og omega at utstyret du bruka er av god kvalitet. Litt ekstra kostnad på det kan spare deg timesvis med frustrasjon over malerkosta og malingsrulle som røytar og legg igjen bust. Gjerne bruk både ruller og kostar som er kompatible med eit forlengerskaft, då du fort kan finne ut at du kjeme til kort enkelte plassar. =)
  • Skal du male over fleire dagar, så pakk inn kostar og ruller inn i plastikkposar og tett godt.
  • Når du er heilt ferdig er det viktig å reingjere utstyret umiddelbart, vent for lenge og det blir fort ubrukeleg.



  • Med å ta grunnmuren til slutt kan du dekke dei flekkane som garantert dryp ned frå kledninga.
  • Slå gjerne plenen eller flytt steiner i nærheten av muren slik at du har god tilgang heilt ned til bakken.
  • Vask grunnmuren som kledninga.
  • La grunnmuren tørke. Mur tørkar fortare enn treverk, og treng kortare tørketid.
  • Mal med dekkande maling. (Eg brukte ca 3 timar per vegg.)
  • Desse kostane og rullene er enklare å reingjere sia dei fleste murmalingane er vannbaserte.



  • Ein kan male viss det regna, men kun viss der ikkje kjem direkte regn på malingsflata.
  • Ein tommelfingerregel for maling av treverk er tidligst i månedskifte april/mai og seinast i månedskifte september/oktober. 
  • Sjekk alltid anbefalingane på spannet du bruka om forhold og temperatur.
  • Har du fuktmåler skal prosenten helst vere under 15-17%. Viss ikkje må du bruke hendene på treverket for å kjenne etter fukt. Det må kjennast heilt tørt ut før du startar.
  • Ikkje begynn på morrakvisten, mens der endå er fare for dugg på overflata, men litt seint på føremiddagen. I tillegg må du ikkje male for seint utover kvelden, då malinga trenge å tørke seg ei hinne før kveldsduggen sette inn. Viss duggen legge seg på malinga før den har klart å tørke, oppstår "duggmatting", som vil seie eit matt og skjoldete resultat. Og etter ein så stor jobb er det det siste ein vil oppleve.....
  • Ved bruk av vannbasert malig er tommelfingerregelen minimum 5 + grader og helst i solveggen viss tidleg eller seint på året.

Då håpar eg at nåken av dokke der ute vil få litt utbytte av det her. =)

Er der råd og tips du meinar mangla på denne lista, så send meg ein mail på: houseofbo.norway@gmail.com

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for at du legg igjen ein kommentar til meg!
Sånt varmar mitt bloggar ♥

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...