torsdag 7. mars 2013

Naturens design - hagevandring


Nydelig dag!
Eg bestemte meg for å ta ei lita vandring i hagen for å sjå kor hard medfart den hadde fått etter ein kald og forholdsvis snølaus vinter.



Det viste seg at sjølv om eg nok har missta eit rosetre eller to,
så spirar og gror det bra med ein gong sola titta fram.


Det var knoppar på tre og busker og både
snøklokker og påskeliljer har meldt sin ankomst.


Til og med Rhododendronen viste teikn til å trivast i solsteiken.


Og eføyen har klart å klatre ganske høgt opp på stammen den siste veka.
Sjølv nåken rosetre har allereie komt med nye greiner og blad.


Deilig at våren viser dei første teikna sjølv om mars kan vere ein særs lunefull månad.
Eg kryssar fingrane for at snø og kulde ikkje kjem att før til vinteren igjen!


Ha ein flott dag alle sammen!

-BENTE-

2 kommentarer:

  1. For en forskjell det er i dette landet..! :) Nydelige bilder, selv om jeg er veldig fornøyd med snøen som har lavet ned her hos oss de siste dagene :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei hei! =)

      Ja, vi er eit land med variasjon! Fordelen min er at eg har eit fjell kun 15 minutters køyretur frå heimen, og der er det ntdelig flott skiføre 600 moh! =)
      Det beste av begge årstidene!
      He he! =)

      Takk for turen innom!

      Bente

      Slett

Tusen takk for at du legg igjen ein kommentar til meg!
Sånt varmar mitt bloggar ♥

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...