mandag 3. mars 2014

ØNSKELISTE FRÅ FEBRUAR 2014



Eg veit ikkje om hageslangane frå Garden Glory er produkt ein strengt tatt treng å anskaffe seg, men eg må innrømme eg elskar nye utformingar på kvardagslige produkt! Denne vakre saken er i ferd med å innta dei norske nettbutikkane med storm og vil ha ein pris opp mot 1500,-.
Du kan sjå alle produkta på nettsida deira her.


Fantastisk lysspel frå desse lysestakane av Tom Dixon. Dei fins i fleire utførelsar, men denne i gull er eg veldig glad i. Prisen er ca 500,-. Denne og andre produkt av Tom Dixon finn du her.



"Posene føles som skinn, men er laget av 100% cellulose fra plantasje. Utformet som en enkel brødpose kan den brukes til oppbevaring av hva du måtte ønske, i alle rom. Posen er også sin som pottekskjulerer laget for å bli rullet slik at du kan endre høyden som passer innholdet. Posen holder godt på formen og kan brukes flere ganger."

Dette er beskrivelsen "hviit" gjev av Uashmama produkta. (Det uttalast Wash Mama til info.) Ser denne er ein ting som snik seg inn i interiørverdenen. Sjekk nettsida ut her. ;)


Eg kjem ikkje unna saueskinn...eg ELSKAR saueskinn. Eg har heile tida sagt at eg vil ha krittkvitt skinn, men i det siste har eg sett nåken vakre svarte og grå. Dette er eit stort "Grey" frå nettsida til Lune Hjem. Pris ca 1500,-.



Denne benken "Sparken" frå den norske produsenten "ygg og lyng" såg eg bilde av frå messa i Stockholm. Eg elskar både den og dei andre produkta deira! Nederst er stolen "Lodge" som kanskje ikkje er så ulik stolen eg hadde med i innlegget Ønskeliste frå januar.
"Sparken" er ikkje endå komen i produktkatalogen deira, men eg håpar vi ser den der snart. Sjekk ut nettsida deira her.


Det er mykje fint på markedet der ute, og eg er allereie spent på kva mars vil bringe!

- BENTE -

4 kommentarer:

  1. Likte godt hageslangene! Takk for tipset ;-) klem

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, ein sånn må du ønske deg i sengamat, Trine Lise! ;)

      Slett
  2. Eg diggar den "Sparken"-benken. :D Og skinn! Og so hadde det jo ikkje vore dumt å ha ein fin hageslange hengande på veggen... ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Benken var berre råstilig i mine auger! =)
      Hageslangane vil vi nok sjå på mang ein husvegg i tida som kjem... ;)

      Slett

Tusen takk for at du legg igjen ein kommentar til meg!
Sånt varmar mitt bloggar ♥

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...