lørdag 8. mars 2014

"HÆLA I TAKET OG TENNA I VEGGEN" SOM DEI SEIER

Heimelaga "rappa gulrotbrød"

Då er kofferten pakka og frøkna klar for hotell weekend! 
Som dei fleste veit så er eg ivrig korist og skal no på årsmøte i helga. I år har eg rolla som nestleiar og trives godt med det. Skal reise saman med korleiar, Kristin, og ser fram til girlpowerhelg! 

Fredagen gjekk til ein del oppdrag, men eg fekk alikevel tid til å bake brød. Det er eit nydelig brød som eg har fått oppskrifta til frå den herligaste Lindy! Brødet har nok eit namn frå før av men eg har døypt det "Rappa gulrotbrød" etter ein fabelaktig autocorrect i oppskriftsutvekslinga! 
*flirar*
:D

No ser eg fram til å verte dulla med i godt over eit døgn. Om det verkelig vert hæla i taket er eg Litt usikker på men viss ikkje får eg sette tenna i veggen og sjå om det får opp stemninga! :)
(Eg syns forøvrig at det er interessant å sjå utforminga på dei ulike hotella og tar med kamera for å sjå om eg vert inspirert på nåke vis.)
Time will show!

Eg er veldig audmjuk over å ha passert 30.000 klikk på bloggen min, og sjølv om det ikkje er mykje samanlikna med mange andre, er eg alikevel særs overvelda og vil takke alle som sveipar innom meg! 

Tusen, tusen takk og ei riktig strålande helg til dokke alle!

- BENTE -

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for at du legg igjen ein kommentar til meg!
Sånt varmar mitt bloggar ♥

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...