fredag 7. februar 2014

MITT BLIKK PÅ KOMANDE TRENDAR

 Tjekkiske Brokis produserar blant anna desse fantastisk flotte lampane.

No kan det vere vanskelig å spå nøyaktig kva som vil få det norske interiørhjertet til å slå ekstra hardt. Men etter ein kikk på Instagram dei siste dagane er det ikkje vanskelig å sjå kva som fell i smak hos dei som har tatt turen til Stockholm og 2014-messa der i allefall.


 Danske "By Lassen" fortsett sin suksess med sine reine, enkle former.

Det som går igjen er gull, messing, kobber, reine linjer og enkel design. Innslag av runde former både i nips og i møbler er òg å sjå. Spennande at pastellen kan virke for å vere litt på veg ut og at sterkare innslag som gult kan innta designbildet. Naturen står endå sterkt i interiørverden, og eg kan ikkje sjå at den trenden vil avta med det første.


 Tom Dixon er i vinden som aldri før og trenden med gull, bronse og koppar kjem ofte fram i designen.

For dei som vil følge med desse to siste dagane av messa, så kan ein sjekke ut desse to hashtagane på Instagram; 
#2014sff
#2014sdw


Wrong for Hay. Tøff sofa i den spreke gulfargen.

Uten tvil er det mykje stilig design som berre skrik etter å få komme inn dørene våre! 

- BENTE -

2 kommentarer:

  1. Hei søte du,
    så innmari koselig at du deltar på giwe away hos meg! Den boken fra Tonerose Design er bare EEEELSK! tvi tvi!

    Herlig trendrapport *smiler*

    Happy Lille Lørdag til deg!
    Her er det null på tapeten for en gang skyld - sååå digg!
    klemklem

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Maia! =)

      Av og til gløymer eg berre at eg ikkje har svart på kommentarane... ;/
      Du er ein knupp som stikk innom meg og legg igjen eit pip! =)
      Eg vann ikkje boka, men eg EIG ikkje vinnarlykke! Men eg hiv meg på alikevel. =)

      Takk for turen innom!
      Klem

      Slett

Tusen takk for at du legg igjen ein kommentar til meg!
Sånt varmar mitt bloggar ♥

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...