onsdag 10. desember 2014

BO RISBOLLER MED HONNI-KORN




I mange år har eg tenkt på å lage risbollar med Honni-Korn i staden for puffa ris. Så i dag gjekk eg til innkjøp av ingrediensane (til dette og til anna julebagst) og satte i gong.





Først smelta eg forsiktig 250 g Delfiafett ilag med 200 g melkesjokolade. Så satte eg dette til side for  å kjølne litt.




Deretter laga eg eggedosis av 2 dl sukker og 2 egg før eg helte dette over 1 pk Honni-Korn i ei stor bolle.




Det er viktig å blande godt slik at alle korna får sjokolade på seg.




Eg brukte så eit kaffimåleskei til å fordele i små former. Eg syns ofte at risbollar er så søte at små porsjonar passar seg betre enn store. I tillegg ser det meir delikat ut...




Sia dette blir store mengder av... valde eg å bruke 3 ulike former i dag. Denne vesle forma som vist på bilde, ei vanleg muffinsform og i tillegg ei stor amerikansk muffinsform. Då tenker eg det vil vere nåke for einkvart ønske sånn størrelsesmessig! ;) Til slutt satte eg dette kaldt. Dei tåler òg godt å stå i frysen...om dei rekk dit før dei er oppetne! 

Gje meg gjerne ei tilbakemelding om du prøver denne oppskrifta. Eg syns den var knallgod i allefall!

- BENTE -




fredag 28. november 2014

ØNSKELISTE FRÅ OKTOBER 2014


Denne gongen er det produkt frå Lush som står på ønskelista.
Ikkje berre luktar dei nydelig men mange er riktig så vakre å sjå på.


Produktene er handlaga og dei har eit stort utvalg av alle slags nydelige dufter.
Heldigvis har dei nettbutikk...men ingenting er som ein tur innom sjølve butikken. Du kjenner det i lufta når du nærmar deg!


Denne Reindeer Rock såpa ligg på vasken min no og er aldeles nydeleg. Ta deg ein tur innom nettsida deira her.

- BENTE -

mandag 6. oktober 2014

ØNSKELISTE FRÅ SEPTEMBER 2014


På nær pustestans når eg såg desse flotte lyktene frå DAY Home hos Keiserens Nye Trær!
Kan sjå for meg at desse gjev eit fantastisk skinn på mørke haustkveldar.
Ta turen innom nettsida deira her.




Den minste 99,-  Mellomste 199,- Største 249,-
Nydelige!


- BENTE -

søndag 5. oktober 2014

ØNSKELISTE FRÅ AUGUST 2014


Ein kjapp tur innom "suvenirsjappa" til Nidarosdommen i Trondheim gjor at eg plutselig ramla over desse godbitane! Det er frå det danske firmaet Finndottir og du finn nettsida deira her.




Absolutt nåken små kunstverk av vasar!
Det fins ca 15 forhandlarar på desse i Norge.
Liste på dei her.




- BENTE -

lørdag 4. oktober 2014

ØNSKELISTE FRÅ JULI 2014



Ein smule forsinka, men her er altså min favorittar frå juli!

Desse drikkedunkane frå House Doctor er både stilige og praktiske, og passar like godt sommar som vinter. Har sett dei frå 49,- og oppover. Både på nett og i mange interiørbutikkar.
Dei tåler varme drinkar til ein viss grad og det har òg ryktas at dei tåler oppvaskemaskina...både dunk og sugerør. And who doesn`t love that? ;)
(Dog det står mest truleg handvask på sjølve produktet.)

Merk: Dei er heilt blanke. Stripete mønster er ein merkelapp som ligg laust inni.



I tillegg til drikkebegera vil eg trekke fram desse stilige sugerøra.
 Desse er i ein slags papirutførelse. 
Stilige, hæ? ;)
Desse frå Nicholas Vahé. 
I tillegg til å bruke dei som vanlige sugerør ser eg at dei blir brukt til poptarts og diverse kake/bake kreasjonar! Eg trur nesten eg må prøve desse i løpet av hausen...

- BENTE -


onsdag 1. oktober 2014

HOW FUNNY IT IS TO GOOGLE TRANSLATE



This is just a reminder to you all outside of Norway that you can translate my blog into many, many languages. :)

You`ll find the Google Translate button on the righthand side.
Choose your language and off you go.
:D

Sometimes I find it funny to Google translate the blog myself... 

You know they need some help when sentences like this shows up:
"And should we first invest in it in such great smallpox is great to be able to present the case."
At least smallpox should be translated into cups, but SO much is wrong with this sentence....and many others. ;)

But you get the general idea of what I`m talking about.
;)
Welcome to you all! =)

søndag 28. september 2014

LIVSENDRING









Ja, då har livet mitt tatt ei litt anna vending enn forventa! ;) Etter mykje funderingar og vurderingar har eg igjen satt meg på studiebenken. Eg kom inn på HIST i Trondheim og skal altså studere der i 3 år. Tegnspråk og tolkestudiet nærmare bestemt. Spennande og absolutt skrekkinngytande!


Eg har fremdeles interessa for interiør og kjem derfor til å fortsette å blogge. Det fins så mange flotte butikkar her og eg gledar meg til å utforske dei alle! ;)
Har du tips til meg så kom gjerne med dei! :D


Ellers kjem eg straks med dei veeeeldig forsinka ønskelistene mine frå juli og august og den frå september sjølvsagt! ;)
Takk til dokke tolmodige sjeler som tar turen innom! Blir satt utruleg pris på!

Ønsker dokke alle ei god veke!


- BENTE -

fredag 4. juli 2014

LYS I KARMEN


Var på ein liten runde på onsdag for å sjekke ut interiørbutikkar som var nye for meg og gjengen eg hadde med. 
Vi enda opp med å bruke heile dagen, og vi kosa oss gløgg! =)
Eg kom ikkje heim med så mykje varer denne gongen....men utvida samlinga mi av Bloomingville telysholderar. Dei er veldig fine i glaskarmen min og skapar god stemning i stova. 


Eg ønsker dokke alle ein varm fredagskveld!

- BENTE -

fredag 27. juni 2014

ØNSKELISTE FRÅ JUNI 2014


Så ivrig denne gongen at eg ikkje klarar å vente til juni er over! ;)
Først ut er denne hengestolen frå HK Living
Eg syns den er kjempefin og eg skulle ønske den hang ute på verandaen min! 
Ser den til i underkant av 6000,- på nettbutikker i Norge. 
Du kan f.eks finne den hos Vakre Rom her.


Så var det dette utruleg vakre vaskebrettet frå Snowdrops. Alle er unike og du er derfor ikkje garantert dette utsjåande på brettet. Men akkurat sånn vil eg at mitt skal sjå ut!
Dette får du òg kjøpt hos Vakre Rom.


Så kjem vi til min absolutte favoritt så langt i år!
Nydelig Chaiselounge frå Mille Moi!
Sia denne lyseblå utførelsen dukka opp har eg sikla!
Om nåken har lyst å bruke 16.900,- i gåve til meg.....here you go! ;)
(Dei tilbyr Klarna om det hjelper?)


Til slutt sleng eg med desse veldig populære sengesetta frå SNURK.
Setta med astronaut og prinsesse er mest truleg bestselgarar.... men eg vil anbefale dokke å gå inn på sida deira å sjekke ut alle dei kjempestilige setta dei har for vaksne òg! 
Nettsida deira her!


- BENTE -

søndag 22. juni 2014

ØNSKELISTE FRÅ MAI 2014


Ønskelista frå mai er produkt frå "Kähler".
Innimellom dumpar ein borti ein produsent som du berre elskar fleire produkt frå. 
Sånn er det for meg i dette tilfellet!


Heile settet er flott men det er spesielt koppane eg syns er stilige. 
Utførelsen her er "Mano Cup Jade Large".



Nesten ingenting slår desse koppane dog!
Desse står aller øverst på ønskelista til jebusen min i år! ;)
Dei minner meg litt om nokre krus i keramikk mammaen min hadde...men i ein meir moderne utførelse. 
Koppane fins i 3 fargar, men denne er min favoritt; 
"Baristo Cup Brown".



Og skal ein først invistere i slike flotte koppar er det flott å kunne framstille dei slik. 
"Baristo Cup and Stand".


Jubileumsvasen Omaggio i bronse har det vore sterk rift om ute i bloggverdenen i Norge ser eg. Den er venteliste på og kan per i dag ikkje leverast før i august tidlegast. 
Men vasen fins i mange fine utføringar som du kan sjå her. ;)

- BENTE -

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...