torsdag 9. august 2012

VÅRE BØNNER "SVART" ; D

ENDELEG!
Endeleg, endeleg kom vår etterlengta "Wilfa Svart" i posten i dag!

Vi drikk ikkje så altfor ofte kaffi, og det faktum at vi ikkje har hatt kaffitraktar i hus på 3 år seie vel sitt?
 Det har til no vore pulverkaffi servert når vi kunne tenkt oss ein kopp.
Det har vore ein lang prosess å finne den rette, når både frøkna og House-of-Bo-mannen er like kresne på design og funksjonalitet. Derfor vart vi veldig glad når vi fann denne designprisvinnaren designa av Designit, Wilfa og Tim Wendelboe .
Grunnen til at vi enda opp med "Wilfa Svart" var at den både fungerar som vannkokar og traktar. Vi trengte begge deler og denne dekka våre behov.


Det fins ein varmefunksjon som held vannkokaren varm i 15 min. Ulike temperaturinnstillingar gjer at dei som ikkje likar kaffien glovarm kan stille den på ein lavare temeratur. I tillegg er det eit mål på vannkokaren med både liter og gram, slik at ein kan måle seg fram til rett mengde kaffi til rett mengde vatn.
Så no gjennstår det berre for meg å koke meg ein kopp!



For dokke som lure på korleis ein gjer dette, legg eg ved instruksane som ligg på Wilfa sine nettsider:


 - BENTE -


2 kommentarer:

  1. Hei så kjempe koselig med nytt bekjentskap. Å fin blogg du har.
    Kaffemaskinen din var nydelig, det er så kjekt når en blir så fornøyd med det en har kjøpt. Kos deg med god kaffi i helgen.
    Klem Annfrid

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk, Annfrid! =)

      Eg sitt no å kosa meg med ein kopp te, men det blir nok kaffi resten av helga! :D

      Klem Bente

      Slett

Tusen takk for at du legg igjen ein kommentar til meg!
Sånt varmar mitt bloggar ♥

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...