 |
...men no er eg tilbake. =)
Juli passerte uten eit einaste blogginnlegg frå mi si side, og jammen var det godt....for meg i allefall! Eg har feriert i Hellas og i Fredrikstad, og eg har virkelig slappa av. Men no er det på tide med nye prosjekt!
Like før eg reiste på min 3-vekers ferie handla eg inn ein del plantar på Plantasjen Haugesund då eg var ein svipptur innom der. Desse måtte jo sjølvsagt plantast før eg reiste.
|
 |
For eit par år sia laga House of BO-sambuaren eit par lange blomsterkasse til meg, og desse vart malt i samme farge som verandaen "Bring"grønn.
Du veit: tidligare Posten trailerane som dura rundt?
Vi ELSKA denne fargen men (som dei fleste sikkert har fått med seg frå tidlegare innlegg som dette) så malte vi huset i fjor, og skifta dermed farge både på hus og veranda. Eg var sjølvsagt litt imot dette, og eg er endå ikkje blitt glad i min nye gråblå veranda.
Men det er ei anna historie. :D
|
 |
Eg malte og malte mine 2 blomsterkasser og fekk planta alle plantane i dei DAGEN før avreise. Siste liten? : P
|
 |
Ikkje det smartaste valget å kjøpe masse før ein 3 vekers ferie, I know, men tilbuda vart for fristande. =)
|
 |
Eg måtte be min kjære pappa om å vere så snill å vatne mens eg var vekke, og han gjorde ein fabelaktig jobb! =)
|
 |
Så no nyte eg synet av flotte blomstrar!
|
Eg håpar eg framleis har litt lesarar igjen etter den lange pausen, og eg er takknemlige for alle som har vore innom i mitt fråvær!
No håpar eg å få ut eit par innlegg før eg skal ta ein operasjon i høgre handa den 15.august. Eg satsar framleis på å kunne taste meg gjennom eit innlegg eller to med venstra, men å gjennomføre nåke fysiske prosjekt vert det vel heller mindre av i den nærmaste framtida. Men den tid den sorg. Eg har ei spennande tid forran meg i alle tilfeller!
:D
- BENTE -