onsdag 4. januar 2012

Nokre heimelaga julegåver....



Ein kan jo sjølvsagt ikkje vise fram julegåvene før etter Julafta, så her kjem nåken bilder (dessverre av ringe kvalitet pga mobilkamerabilder) av mine små forsøk på heimelaga julegåver. Eg laga blant anna smykkeesker til mamma og mine svigerinner Marit Helen og Kathrine.

(Framgangsmåten under bilda.)





  • Eg starta med nåken treesker eg hadde fått tak i, og demonterte handtak og strikken.
  • Så dekka eg endane på eska med trelim, festa dekorert papir til dette, og trimma kantane rundt nøye med ei lita brodérsaks.
  • Eg tok så for meg resten av eska på same vis. (Dette er eit litt pirkete og tidkrevande arbeid viss du vil ha eit fint resultat.)
  • Deretter laga eg hol til og festa handtak og strikk tilbake att på eska.
  • Nest sist pynta eg eskene med diverse småpynt, som kantband, perler, steinar, blonder o.l.
  • Og heilt til slutt la eg ein smykkepose oppi kvar eske.

Mottakarane virka ikkje altfor misfornøgde, så eg trur resultatet ikkje vart så verst! 
=)

(Klikk på bilda viss du vil sjå dei i eit litt større format, og kommenter gjerne i feltet under.)

3 kommentarer:

  1. Hei! Så koselig kommentar du la inne på bloggen min! Tusen takk;-)
    Tenker mottakerne av smykkeeskene ble glade:-) Hilsen fra Elin

    SvarSlett
  2. Takk takk, Kathrine! =)

    Bare hyggelig, Elin, og takk for at du stakk innom min! Eg har fått tilbakemeldingar på at mottakarane var fornøgde. =) (Den eine over her. =))
    Kjekt å kunne lage ting som folk syns er okei å få. Ellers så skal eg få lagt inn bedre bilder her etterkvart, då min noværande kvalitet er så som så. Håpar du stikke innom igjen ein anna gong!
    =)

    SvarSlett

Tusen takk for at du legg igjen ein kommentar til meg!
Sånt varmar mitt bloggar ♥

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...