fredag 30. desember 2011

"DAGMAR"....for ei illsinte dame!

Drageset Akupunktur og Fysioterapi i Olden vart totalrasert i orkanen.

Strupebrettet i Hildastranda er kun støtta opp av 1 liten stolpe.

Kaia i Innvik er dekka av rekved og søppel.

Kjøleskap og anna ligge strødd.

Parkeringsplassen til IMI Hotell i Innvik. Trebrua totalt smadra.

Rusk og rask overalt.

Romjula feira i mørket.

51 timar uten straum, mobil. og naudnett.
Hadde store plana om å blogge mykje i romjula, men ei ilsinte dame kom på besøk! Så dette blir eit litt anderledes innlegg. Orkanen "Dagmar" herja rundt husveggane våre 1.juledag! Har vore straumlause i godt og vel 51 timar, og mobil- og nettdekninga endå lenger. Men no ser det ut til at vi er på nett igjen. Heldigvis ikkje nåken skada på huset, men holy smokes kor mykje mat som er gått adundas! Heile kjøleskapet og frysaren STAPPFULLE av mat som truleg er berre til å kaste. Jammen godt ein er forsikra!

Vi er no heldige i den forstand at vi fekk den tilbake når vi gjor, for mine foreldre som bur i samme bygd måtte vente i over 94 timar før straumen kom på igjen i går. Og det KUN fordi naboane tok på seg å rydde linjene som var nede bak husa deira. Andre bygder rundt må endå vente eit par døgn til før dei får straum. Kjenne kor makteslause vi blir uten straum og telefondekning!

Men det som var verst for meg var at det faktisk øydela julestemninga etterkvart. Den første dagen var stemninga på topp og alle syns det var koseleg. Tende stearinlys og sosialt samvær. Men etterkvart vart ting så altfor upraktisk og stressande at dei enklaste løysingane vart valde. Ikkje fekk vi dusje. Ikkje fekk vi spele julemusikk, lage skikkelege julemiddagar, sjå julefilmar og juleprogram. Ingen julebelysning eller pynt kunne sjåast etter klokka 16.00. for då var det heilt mørkt ute. Og med 2 stk 3-åringar og 2 stk babyar i huset vart ting fort kjedeleg for dei. Men når sant skal seiast hadde vi verdens mest tolmodige ungar i hus!

Men når alt kjem til alt, så var der ingen store materielle skader og vi kom alle frå det med liv og helse i behold. No får vi nytte desse siste dagane av året til å skikkeleg kose oss med alle desse tinga som vi gjekk glipp av, og så får vi heller forlenge jula med nåken daga ut i 2012! =)

Ei riktig god romjul til dokke alle, sånn heilt på tampen av året! =)





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Tusen takk for at du legg igjen ein kommentar til meg!
Sånt varmar mitt bloggar ♥

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...