mandag 13. april 2015

ARMSTRIKKA PLEDD





Strikking er ikkje mi sterke side, men eg prøvde meg på dette pleddet etter eg var innom den fantastisk flotte Jorun Erdal og hennar butikk Xtra Lekker. Denne sangfuglen selg kle og garn med tilbehør frå butikken i Stryn, såvel som på nett. Denne dama er så kreativ, hjelpsom og sprudlande at det er ei fryd å ta turen. 
(Nei, innlegget er ikkje sponsa...he he..!)


 o


Dette er JÄRBO Elvira Akryl/Ull som er eit tjukt garn som passar til strikkepinne 12. 
Eg gjekk for rosa denne gongen.




Tips til andre som vil prøve seg på dette pleddet eller liknade: Ver sikker på at du har tid til å fullføre! Ein brukar begge hendene som stikkepinnar, og du vil dermed ha problem med å legge det ifrå deg...he he.




For mønster gjekk eg på YouTube og leita etter armknitting. Det tok ikkje så lang tid å "strikke" dette pleddet. 
Eg vil sei ca 25 min på dei 2 nøsta eg brukte. 




Det var enkelt når ein først fekk lagt opp alle maskene ein ville ha. 
Eg satt og såg tv heile tida og kosa meg. 
Artig å sjå kor fort lengda viste.




Så til slutt rakk det heile kroppslengda mi. Ikkje at dèt seier så mykje kanskje, men eg er 1.65m. 
Dette vart ,som dokke ser, eit "luftig" pledd, men det fins mange ulike oppskrifter på nett. 
Berre leit! ;)

Klem

- BENTE -

2 kommentarer:

  1. Kjempegøy at du ble fornøyd med garnet!! Pleddet ser rådeilig ut!! Klem fra Jorun www.xtralekker.no

    SvarSlett
    Svar
    1. Luftig men varmt likevel! ;)
      Neste gong vert det eit evighets-skjerf trur eg....i petrolium! :)
      Takk fo uren innom, Jorun! =)

      Slett

Tusen takk for at du legg igjen ein kommentar til meg!
Sånt varmar mitt bloggar ♥

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...