søndag 23. september 2012

HAUSTEN MIN


No når operasjonen er over, og eg er godt ut i rekonvalesenstida mi, kan det vere på sin plass å ta oppatt blogginga litt. Eg har ein bra fullpakka haust forran meg som nok skal få dagane til å gå. Endeleg blir eg i køyrbar stand og får tilbake friheten min...


Med gode venner og familie så har tida gått forholdsvis bra fort. Eg har til og med fått tid til å lese bøker igjen, nåke som er ein av mine favorittsyssler. Eg har lest alle 3 bøkene i triologien "Fifty shades", og no er eg begynt på nok ei bok. Har 3 bøker liggande klar etter eg er ferdig med den.
:D


Eg er så heldig at eg har fått plass på bloggtreffet i Stavanger første helga i november. Dette blir mitt første, og eg gleda meg særs! Etter Stavanger blir det ein liten etterlengta venne-turné på vegen heim. 

:D 
Bonus!


Som dokke veit, er eg eit aktivt kormedlem, og i november skal vi synge "Irish Blessings" i Grieghallen i Bergen. Dette er nåke eg verkeleg ser fram mot! Andre som skal der i den anledning?


Det er sjølvsagt mykje meir som skjer, blant anna blogging,  men eg skal ikkje kjede dokke med alle detaljane akkurat no!
Vi bloggast!

Ein god søndag til dokke alle!

- BENTE -

2 kommentarer:

  1. SÅ koselig å se deg tilbake - har savnet deg!
    Ønsker deg en god rekonvalsenstid - kos deg!
    Klemmer, Marianne.

    SvarSlett
    Svar
    1. Å, tusen takk, Marianne!
      :D

      Kjenner det er deilig å vere tilbake igjen. Har liksom vert eit ork å tenke på ei-hands-tasting, så derfor har eg latt vere. No kan eg som smått bruke handa litt, og då var det å hive seg på eit innlegg. Resultatet av operasjonen gjer seg ikkje gjeldande før om ein 4-5 mnd tid, så her må ein smøre seg med tolmodigheit.

      Men godt å vere tilbake!!

      Klem Bente

      Slett

Tusen takk for at du legg igjen ein kommentar til meg!
Sånt varmar mitt bloggar ♥

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...