mandag 4. juni 2012

Heimelaga Sjarmør......

Det aller nyaste tilskuddet til klanen vår er det vesle søskenbarn mitt, Johannes. (Ikkje han på bildet altså! :P)
(Onkel er berre 6 år eldre enn meg. Besteforeldra mine fekk seg ein attpåklatt 20 år etter mamma.)
Han skal døypast i sommar, og i den anledning ville eg lage ei gåve til han.

Eg har hatt fleire hekle-prosjekt på gang, og tenkte eg kanskje kunne finne ei oppskrift på ei hue eller nåke slikt.
Men så kom eg jo over denne kjempesøte bamsen!
Eg MÅTTE jo berre prøve meg på den!


Eg må få skyte inn at eg
IKKJE har hekla nåke særs tidligare. Mange er redd for å prøve seg, men eg finn at i dei fleste oppskriftsbøkene er det flotte forklaringar og veldig gode illustrasjonar for oss nybegynnerar. I tillegg er YouTube eit kjempeflott hjelpemiddel! Bamsen fann eg på YouTube, og den er hekla etter tyske instruksjonar. (Ikkje det lettaste prosjektet eg har begitt meg ut på sia eg ikkje er stødig i tysk! ) Mitt aller første prosjekt var ein poncho med god hjelp av mamma. Så har det blitt nåken små prosjekt desse siste 2 vekene før den her sjarmøren kom min veg.
That`s it!

Den er hekla med SandnesGarn for nål 8-9, og hekla med ein nummer 9 heklenål.
Eg valde heilt andre fargar enn det som var foreslått, og den blå stripa på magen og begge armane er min eigen design. Eg syns det vart litt meir karakter over "Sjarmøren" med dette.
Til slutt fekk han seg eit lyseblått silkeband rundt halsen.


Denne bamsen gjekk såpass greit å lage at eg no skal til på ein til.

Eg og bamse vil med dette ønske dokke alle ei god veke!

-BENTE-



6 kommentarer:

  1. Så flink du er!
    Den var bare helskjønn!

    klem

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk!
      =)

      Ja, må seie meg fornøgde med den. =)

      Slett
  2. Så nydelig - og du sier du ikke er god til å hekle?!
    Dette hadde blitt min favoritt, uten tvil!
    Ønsker deg en fin dag!
    Klemmer, Marianne.

    SvarSlett
    Svar
    1. Heisann!

      Nei, eg ER faktisk amatør og nybegynner!
      Så eg håpar andre kan få inspirasjon til å prøve. =) Eg skal på den årlige jenteturen min i september (9 stk frå tida på VGS som samlast 1 gong i året på hyttetur. Dette blir det 16. året!) og har allerede fått indikasjonar på at fleire kanskje vil prøve å lære litt då. Men det er såre enkelt. =) Syns det er enklare enn å strikke.....

      Slett
  3. Imponerende, gosh tenk å hekle etter tysk oppskrift. Jeg bøyer meg støvet:) Bamsen var sååå nydelig. hmmm kanskje jeg må prøve meg på en slik liten en. Men tror jeg må søke litt å se om jeg finner ei oppskrift på norsk;)
    Ha en flotters aften.
    Klæm fra AnKa

    SvarSlett
    Svar
    1. He he, ja, eg trur far min som budde i Berlin i 3 år og snakka flytande tysk er temmeleg imponert! For ulikt far min, så har eg særs små kunnskapar i tysk! MEN det som er med sånne oppskrifter på YouTube er at dei filmar hendene og det dei heklar på ganske kloss hold, så du SER meir på ka dei gjer enn høyre. Men klart, er jo greit å få med seg om dei seie "1 runde til på denne måten" eller 11 runder til på denne måten". =) He he!

      Oppfordra deg og andre absolutt til å prøve! Ka er det verste som kan skje? =) Men start med ei forholdsvis stor nål....kanskje så mykje som frå 4 - 4 1/2 og oppover. Bamsen er som sagt hekla med nummer 9.

      Tvi tvi! =)

      Slett

Tusen takk for at du legg igjen ein kommentar til meg!
Sånt varmar mitt bloggar ♥

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...