søndag 10. juni 2012

The Phantom of the Opera.....

Av og til må ein berre legge ut eit innlegg som er lite design-relatert og meir personleg prega. Men er det ikkje slik vi blir bedre kjent med personen bak bloggen? :D
I helga har eg vore ilag med koret mitt til songarstemne i Sogndal. Eit litt utradisjonelt stemne med ein "workshop". Eit fantastisk opplegg, med fantastiske pianistar og ikkje minst ein fantastisk dirigent ! Vi fekk fleire kategoriar å velge mellom, og vårt kor valde "Musikal". Som dokke sikkert har skjønt, så enda vi opp med ein medley frå musikalen
"The Fantom of the Opera".
Det var ikkje berre synging som sto på programmet! Det vart lagt stor vekt på det sosiale samværet i tillegg. Vi var blant anna på "Joar`s" og åt den mest utrulege kalvebiffen ever, etterfulgt av ein nydeleg sjokoladefondant med sorbetis.
Men sjølvsagt var det synging som stod mest i fokus.
:D

Det er ein ubeskriveleg følelse å stå ilag med 100 andre korfantastar og synge dette repetoaret! Og muligens endå meir ubeskriveleg å stå på scena ilag med 200 andre korfantastar for fellesnummera "Carmina Burana" 
(Har du ikkje høyrt denne, så bør du absolutt sjå denne videoen:)
"Do you hear the people sing" og "Fagert er landet". Eg har sjølvsagt ikkje bilde frå under konserten, då eg stod litt opptatt der nede til høgre og song, men her er eit tatt ei lita stund før konserten begynte. 

 Det var ein flott konsert og ei flott avslutning på helga!

Korleis har dokke tilbrakt helga?

-BENTE-


(Ei lita oppdatering med bilde lånt frå 
Hans Jakob Reite sin NRK-blogg. 
"The Fantom of the Opera"-koret)

6 kommentarer:

  1. Høres superartig ut - både å synge og det sosiale samværet. :-)
    Jeg har tilbragt helga i hagen - stadige prosjekter der... Prøvde meg på stort kassesalg også - hvis du ikke har sett det fantastiske kuppet mitt - vil jeg anbefale deg å ta en titt! Salget gikk heller dårlig, men det var moro lell... :-))
    Ønsker deg en riktig fin dag!
    Klemmer, Marianne.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det var rett og slett ei heilt FANTASTISK helg! =)

      No har koret pause for sommaren, men vi har store ting for oss på hausten igjen. =)

      Klem Bente

      Slett
  2. Så artig!

    Zopp Design har et stort sommerblogglotteri gående.

    Mange spennende premier og masse artig innhold.

    Ta turen innom oss!

    SvarSlett
    Svar
    1. Heisann!

      Eg har dessverre hatt litt for lite samvær med bloggen min, og ikkje fått med meg dette. Belkager!

      Tusen takk for titten innom, og eg skal definitivt innom bloggen å kikke! =)

      Klem Bente

      Slett
  3. Kan tenke meg at du har hatt det flott sammens med dine korvenner. Den sangen gir meg gåsehud....den er så råååbra:) vil ha den på stereoen kjempehøgt!!!!! :)
    Ha ei flott uke.
    Klæm fra Anka

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei AnKa! =)

      Ja, den er verkeleg GÅSEHUD-givande!
      Blei nesten litt rørt av å synge den ilag med 200 andre!
      SKRU OPP LYDEN PÅ FULLT! :D

      Klem Bente

      Slett

Tusen takk for at du legg igjen ein kommentar til meg!
Sånt varmar mitt bloggar ♥

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...