onsdag 9. mai 2012

Prosjekt : "Redd grillen!" :D

Vi har hatt denne tønnegrillen i snart 4 år. Kjøpt på Plantasjen og kanskje ikkje av verdas beste kvalitet, men likefullt veldig godt brukande. Den har heller ikkje fått det beste stellet, og har måtte tåle ein vinter eller to ute uten dekke.

Så regn og snø har tatt sin toll på denne stakkars skapningen, og no følte eg at den fortente nytt liv i staden for å ende på dynga. Den fekk seg ein grundig vask og etterpå fekk den stå til tørk i ein dag. 
Eg ville ideelt sett ha skura den skikkeleg med stålbørste, men hadde rett og slett ikkje slikt for hand, i tillegg til at eg trur at ein runde med dette ville muligens ha etterlatt meg med ein haug med rust og lite grill. Så derfor vart det slurva litt med grunnarbeidet. 

Eg hadde på førehand kjøpt inn ein spraylakk frå Biltema som tåler opptil 600 grader, og satte så igang med jobben. Eg starta med bunnen på utsida av grillen, og skjønte ganske raskt at eg ikkje ville ha nok til heile grillen med berre ein boks. Så når piffen gjekk utav boksen satt eg igjen med ein halvlakka grill. Sia vi hadde nesten ei veke med solfylte dagar foran oss vart det bestemt av vi fekk bruke grillen i mellomtida, og heller gjere resten av jobben når vi fekk tak i meir.

No bur eg 1.5 t frå nærmaste Biltema, så det er ikkje berre å svippe innom ein tur, men eg var så heldig at far min skulle handle litt der sjølv berre få dagar etter. Han kom dessverre heim igjen med uforetta sak, fordi russen hadde kjøpt alle boksane for å spraye motorrommet på russebilane sine slik at dei ser shiny og new ut.  Men papsen fekk tak i ein spraylakk hos BilXtra som tålte heilt opp til 690 grader, og denne butikken ligg berre 30 min unna.

Så no gjenstår det berre for meg å reingjere grillen innvendig (igjen), og at sola gløttar fram i ein dag eller to!
: D

God onsdag til dokke alle! 

4 kommentarer:

  1. Koselig å se et innlegg fra deg igjen - du har vært savnet!
    Der fikk jeg et tips - har aldri tenkt på at det går an å lakke grillen på nytt... :-)
    Da får jeg gå på og skrubbe vår lille kulegrill og spraye i vei - og håpe at grillværet kommer tilbake!
    Ønsker deg en riktig fin kveld!
    Klemmer, Marianne.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det varma godt, kjenner eg, når du kjem med så fine ord, Marianne!
      Eg har dessverre ikkje vore særleg inspirert i det siste, så det var godt å komme litt på banen igjen. =)Fatta rett og slett ikkje kor lysta vart av... Men plutseleg sneik den seg litt fram her. =)

      Så kjekt at eg kunne gje deg eit tips! Eg kjem til å gjere det samme med ein svart utepeis vi har, som òg har begynt å vise teikn til rust her og der. Sprayen fins i allefall i svart og sølv, men muligens i andre fargar òg.

      Gleda meg til å sjå ka resultat du får! =)

      Klem Bente!

      Slett
  2. Det ser ut som du har fått reddet den da :)

    Fineste fredagen til deg :) Jeg skal overraske mannen med tapas og cava etterpå.. hihi!

    klem

    SvarSlett
    Svar
    1. Heisann Maia! =)

      Nei, det har ikkje vore ein einaste dag med opphold sia innlegget vart skrevet, så dessverre ikkje fått redda den ferdig endå... =)

      Men " kom mai du skjønne milde" så blir det nok fart i sakene! =)


      Klem!

      Slett

Tusen takk for at du legg igjen ein kommentar til meg!
Sånt varmar mitt bloggar ♥

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...