torsdag 31. mai 2012

Mitt bloggekamera

Den fabelaktige Maia har ei utfordring på gong som går på ka kamera vi brukar i blogginga. Eg har i lang tid brukt kameraet som er på min HTC Sense, og det har gått greit. Men det er klart at mitt Nikon D5000 tar så til DEI grader bedre bilder enn eit mobilkamera! :D



Det vart kjøp under Moldejazzen for nåken år sida (etter ein fantastisk Melody Gardot konsert!) men hadde ein liten dvale då eg ikkje fann igjen ladaren .
Eg elskar det, men kan dessverre altfor lite med det endå.

Og sjølv om eg ikkje kan så altfor mykje, så har eg allereie skjønt at eg gjerne ville ha fleire objektiv! 
Ei macrolinse og ei paparazzilinse hadde vore kjærkomne tillegg til familien. 


Så dei fleste bildene du ser på bloggen min er tatt av dette vidunderet her. Og det er sjølvsagt mobilkameraet mitt som står for dagens bloggbilder!

Eg tar gjerne imot tips frå andre Nokianerar om ka objektiv eg burde anskaffe meg, og generelle tips og råd!



Her i gården har ryggen fått seg ein liten knekk, og dermed er min aktivitet litt redusert, men eg satsar på at dagens behandling (les tortur) hos fysio gjer susen og at helga blir bra!

Eg ønske dokke alle ein flott siste dag i mai!

2 kommentarer:

  1. Takk for gode ord på bloggen min. Er lenge imellom jeg er på bloggrunde for tida jeg også. Tusen ting å henge fingrene i når skoleåret nærmer seg slutten.

    Ha en fin kveld

    Klem
    Lotte

    SvarSlett
    Svar
    1. He he, ja godt det er litt likt for andre òg!
      Men eg skal prøve å skjerpe meg litt! =)

      Ha ein flott aften! =)

      Slett

Tusen takk for at du legg igjen ein kommentar til meg!
Sånt varmar mitt bloggar ♥

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...