fredag 30. mars 2012

PÅSKEKORGENE MINE. . .

Kan TRU eg har kosa meg i dag!
Eg fann fleire malar for påskekorger på nettet og satte meg til å klippe, brette og lime.

Denne påskeharen falt eg pladask for, og har no laga fleire eksemplar av den som eg lurte på å gje vekk til  familie og venner.




 Påskeharen har både føtter og haledusk og er så søt som berre det!




Eg laga i tillegg 2 korger til. 

Den til venstre syns eg vart litt kjedeleg, men den var størst og tok mest gotteri. Viss du ser på øverste bildet, så ser du kor kjedeleg det egget ser ut, så eg kjem nok til å lime på eit motiv til på det for å gjere det litt meir spennande

Den siste korga var tidkrevande å lage, sia ein måtte fargelegge ein del før ein fletta og limte, men alikevel vart det ei riktig flotte korg! Bildet gjenngjev dessverre ikkje dei rette fargane på korga, og virkar muligens litt kjedeleg, men eg lovar:
Det er ei aldeles nydeleg korg! 

Eg har altså kosa meg glugg i dag, og har fleire korger på tapeten i kveld!
Ka du skal til med i kveld?

 God fredagskveld til dokke alle i allefall! 
:D






18 kommentarer:

  1. Kjempesøte korger Bente! Kjempefine til påskesnopen:) Og genial gåve å gje vekk då:) kan sjå at du har kosa deg:)
    Eg har vaska vindu, tørka støv og stæsja litt til påske idag. No er eg utslitt og godvenner med sofaen ;)
    Ha ein fin kveld!
    Klem:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Du er jo skikkeleg flittig, du, Bjørg!
      Eg har synda mot dei store vaske-til-påske-gudane i dag, og er faktisk LITT misunneleg at du er komen so langt...men so har eg storkosa meg då! :D

      Du må no ikkje slite deg heilt ut i din tilstand heller...ka du har Remi for? :P

      Eg tenkte forresten på deg på asiatisk aften. =) God mat, men kanskje litt mykje stekt og litt mykje lik smak. Håpte på litt meir eutentisk og litt mindre fornorska...Men den eine retten va nydeleg! =)

      Eg ønske deg og din vesle familie ein riktig god fredag!
      PS: ikkje sjå ut glaset..... :(

      Slett
  2. Så herlige!!! Dei kaninane va no berre superskjønne!! Kos deg og hugs at det ikkje e so nøye med den vaskinga. Det blir skite igjen med ein gong likevel!!!

    SvarSlett
    Svar
    1. Åå, Stine! DEN trengte eg! Phuii! :D

      Eg trur nok det blir å sveipe over golvet, rydde litt gjesterommet og vaske både det og badet, men får sjå om eg gjer nåke meir enn det... :D

      Ei god påske til deg og dine, og takk for titten! =)

      Slett
  3. Så søte:-)). Jeg har ikke kommet helt i påskemoodus enda, men det hjelper at det nå er ferie! Ha en deilig hjemmepåske:-) klem

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, takk! :D
      Ja, det skal bli deilig å få møte mange venna som er heime på ferie. Viss eg hadde reist vekk, så ville eg nesten aldri sett ein del av dei. I tillegg til at det er avslappande å berre vere heime.... :D

      God påske til deg òg!

      Slett
  4. Hei1Så utrolig flotte korger , så flink du er.
    Vil også takke for den fine kommentaren på bloggen min.
    Gleder meg til å følge deg videre.Ha ei flott helg!

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei hei, Nina!
      Så kjekt du syns det, då. =)
      Eg satt til over midnatt og kosa meg med korger....og det blei bretta eit par nye. Ei ny interesse har tydelegvis slått rot! :D

      Tusen takk for at du la deg til som følger!
      Ha ei fantastisk flott helg!

      Klem

      Slett
  5. Så flink du er! Og ikke minst såå mange!

    Herlig lørdag til deg og dine!
    Her på Nesåsen er det sol, men huff som det blåser! USJ! Jeg og Nala skal til mamma og lage wontons, mannen er på jobb (sånn er det når mannen driver egen bedrift - alltid på jobb)

    Takk for gode og varme ord inne hos meg!
    DU er underbar!
    klem

    SvarSlett
    Svar
    1. Heisann Maia! :D

      Ikkje så altfor vanskelig når ein har mal å gå etter, men så aritg det er! Er blitt bitt av basillen! He he!
      Veit ka eg kjem til å gjere på dei neste dagane. =)

      Dagen i dag starta med overskya og kaldt, men NO har sola treng igjennom og det er eit vidunderleg påskeveir!!

      Alle gode ord er deg vel unt!
      Ha ei flott helg!!

      Klem

      Slett
  6. Flink er du som pynter til påske!

    Her i huset er det ikke så mye som et eneste lite egg å finne. En interiørblogger som ikke pynter til høytiden liksom - skjerpings :)

    Ha en finfin søndag,
    Signe

    SvarSlett
  7. Åå, du Signe, det du ser, er på lag det du får her i huset!
    LOL!
    Har ein gul liten blomst, desse korgene, 2 påskeegg og gule lys...!
    Jupp, det skulle vel vere alt.. He he!

    Å, jo eg har i tillegg salt og pepperbørse eg fekk med mamma i fjor!
    Dei må eg gå å leite opp no.... :D

    Og du kan jo trøste deg med at påska ikkje begynner skikkeleg før uti veka! :D

    GOD PALMESØNDAG!

    SvarSlett
  8. Flotte korger =)

    Du har forreesten vinnet telysestaker inne hos meg.. send meg adressen din på post(att)althelse.com så sender jeg dem til deg ASAP ;)

    Klem fra Monica

    PS: Takk for deltakelsen ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. HURRA HURRA HURRA!!

      Å, no vart eg glad!
      Eg som ALDRI vinn nåke!
      Gledar meg veldig til å få dei. =)

      E-mail sendt!

      GOD PÅSKE!

      Klem Bente

      Slett
  9. Kjære vene... korrekturleser skriveleifene først etter at jeg har publisert vettu.... (ignorer skrivefeil... hehe)

    SvarSlett
    Svar
    1. Du er nok ikkje åleine der, nei!
      Ofte sitt eg og rissta på haudet av meg sjølv når eg les ka det er eg EGENTLEG har skrevet i kommentarane mine. He he!
      ;D

      Slett
  10. Hei Bente!
    Først: Tusen takk for alle gode ord inne hos meg!
    Veldig trivelig at du titter innom! <3
    Kjempeflotte påskekorger - dette har jeg ikke sett maken til før. :-)
    Skal faktisk ta frem påskepynten i år - bare fordi jeg blir så inspirert av alle dere, flotte damene!
    Ønsker deg en flott tirsdag!
    Klemmer, Marianne.

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Marianne!

      Bloggen din er eit sjølvsagt stopp kvar dag eg er innom! :D

      Nei, eg hadde ikkje sett desse korgene før eg heller, og syns det var veldig artig! Eg har i etterkant laga fleire typar korger og esker, og desse kjem i eit seinare innlegg.

      Eg har ikkje mykje pynt som sagt, men tar fram det eg har! Skal ut å handle inn siste rest til påske i dag, og då blir det spennande å sjå om eg finn nåke på min veg! =)

      Ha ei riktig god påske! =)

      Klem Bente

      Slett

Tusen takk for at du legg igjen ein kommentar til meg!
Sånt varmar mitt bloggar ♥

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...