No er våren verkeleg i gang og ymse skal gjerast i, og rundt, huset.
Huset vårt er som sagt frå 1970, og dei siste 8-10 åra før vi kjøpte det var nok stellet med huset så som så. Kledning må byttast med tid og stunder og vi vel derfor å ikkje bruke mykje pengar på å male huset. Men der fins alikevel små grep vi kan ta....

I går fekk eg for meg at å friske opp gelenderet på verandaen var presserande, og eg satte derfor i gang med å pusse det ned. Her ser dokke resultatet av det. Var i grunnen ein grei jobb, sia all malinga fort kom av med ei skrape. Deretter børsta eg over det med ein børste for å få vekk støvet.

Håpa nåken vart inspirert til å ta fatt på eksteriøret sitt!
Skikkeleg malerkost er halve jobben!
=)
Òg husk at alle kommentarar blir satt umåteleg pris på!