torsdag 19. januar 2012

Skittentøyspose frå H&M

Klikk på bildet for å komme til H&M nettbutikk.


Til kjøkkenet har eg kjøpt inn mange små kvite handkle, til litt sånt alt-mulig-bruk, og har i den anledning vore på utkikk etter ein tøff skikkentøyspose som kan henge på kjøkkenet. Så her ein dag var eg innom H&M sin nettbutikk og fann den her. Den virka for å vere passe stor, tøff og vaskbar. Så den gjekk rett i handlekorga mi, og dumpa nedi postkassa mi 4 dagar seinare. Så no skal eg berre få tak i eit par stilige krokar som den kan hengast på!



mandag 16. januar 2012

For tidleg med ny ønskeliste?




Det er vel aldri for tidleg å ønske seg ting til jul?

Vi har vel alle våre favorittbutikkar, enten det er i nærleiken eller om det er på nettet. Ein av mine absolutte favorittar er ein som befinn seg i Olden. Per`s Kro er ein kafe som har interiør/gåvebutikk under samme tak.  Her har eg funne mangt eit kupp til meg sjølv, og ikkje minst mang ei gåve til andre. Elly, som driv denne, er ei designinteressert dame frå Danmark som hentar inn varer frå forskjellige land.




   Elly har smykker, skinnjakker, sko, vesker og interiørgjennstandar for å nemne nåke. Hon er flink til å ta inn nye ting, og forholdsvis av kvar, så du sleppe sjå det samme om og om igjen. I tillegg har hon nåke for einkvar smak. Dette er riktignok ein liten butikk, men er ikkje det dei som vi oftast finn sjarmerande? Her er eit lite utvalg frå då eg var innom like før jul.


Tips meg gjerne om DIN favorittbutikk i kommentarfeltet under. 
                                =)



fredag 6. januar 2012

Eg slenger meg med på ein "Giveaway"


Eg kom over denne bloggen med ein fantasktisk "Giveaway" og fann ut at eg berre måtte vere med!

Stikk innom ein tur du òg?
Klikk her!

onsdag 4. januar 2012

Nokre heimelaga julegåver....



Ein kan jo sjølvsagt ikkje vise fram julegåvene før etter Julafta, så her kjem nåken bilder (dessverre av ringe kvalitet pga mobilkamerabilder) av mine små forsøk på heimelaga julegåver. Eg laga blant anna smykkeesker til mamma og mine svigerinner Marit Helen og Kathrine.

(Framgangsmåten under bilda.)





  • Eg starta med nåken treesker eg hadde fått tak i, og demonterte handtak og strikken.
  • Så dekka eg endane på eska med trelim, festa dekorert papir til dette, og trimma kantane rundt nøye med ei lita brodérsaks.
  • Eg tok så for meg resten av eska på same vis. (Dette er eit litt pirkete og tidkrevande arbeid viss du vil ha eit fint resultat.)
  • Deretter laga eg hol til og festa handtak og strikk tilbake att på eska.
  • Nest sist pynta eg eskene med diverse småpynt, som kantband, perler, steinar, blonder o.l.
  • Og heilt til slutt la eg ein smykkepose oppi kvar eske.

Mottakarane virka ikkje altfor misfornøgde, så eg trur resultatet ikkje vart så verst! 
=)

(Klikk på bilda viss du vil sjå dei i eit litt større format, og kommenter gjerne i feltet under.)

lørdag 31. desember 2011

Går inn i det nye året ..... på krykker! :/

Foten godt bandasjert på sjukehuset.

Ja, då har det seg sånn at eg 4.juledag presterte å skli i trappa og lande med foten i ein forkjær stilling eit par trappetrinn lenger nede. Turen bar først til lege, og så på sjukehus for røntgen. Intet brudd, men ortopeden sa eg hadde revet/forstrekt nåke ligament og måtte gå på krykker uten å belaste foten på 14 daga. "No sweat", tenkte eg og pusta letta ut over ingen brudd og ingen gipsing. Så sa han at eg måtte belage meg på å muligens måtte gå med krykkene i 2-3 mnd! 
Ankelen er visst sårbar og trenge støtte i tida framover.

Sjå den kolossen av ein ankel!
Men visstnok er ikkje ting så gale at det ikkje er godt for nåke. 
Eg vil jo no få allverdas tid til å blogge. =) Òg blogge det skal eg! Eg har mange innlegg som surrar både i pc og haud!
Håpar dokke vil følge meg vidare i 2012!



Eg vil ønske av heile mitt hjerte eit

Riktig Godt Nyttår til alle!
A Happy New Year to all!

fredag 30. desember 2011

"DAGMAR"....for ei illsinte dame!

Drageset Akupunktur og Fysioterapi i Olden vart totalrasert i orkanen.

Strupebrettet i Hildastranda er kun støtta opp av 1 liten stolpe.

Kaia i Innvik er dekka av rekved og søppel.

Kjøleskap og anna ligge strødd.

Parkeringsplassen til IMI Hotell i Innvik. Trebrua totalt smadra.

Rusk og rask overalt.

Romjula feira i mørket.

51 timar uten straum, mobil. og naudnett.
Hadde store plana om å blogge mykje i romjula, men ei ilsinte dame kom på besøk! Så dette blir eit litt anderledes innlegg. Orkanen "Dagmar" herja rundt husveggane våre 1.juledag! Har vore straumlause i godt og vel 51 timar, og mobil- og nettdekninga endå lenger. Men no ser det ut til at vi er på nett igjen. Heldigvis ikkje nåken skada på huset, men holy smokes kor mykje mat som er gått adundas! Heile kjøleskapet og frysaren STAPPFULLE av mat som truleg er berre til å kaste. Jammen godt ein er forsikra!

Vi er no heldige i den forstand at vi fekk den tilbake når vi gjor, for mine foreldre som bur i samme bygd måtte vente i over 94 timar før straumen kom på igjen i går. Og det KUN fordi naboane tok på seg å rydde linjene som var nede bak husa deira. Andre bygder rundt må endå vente eit par døgn til før dei får straum. Kjenne kor makteslause vi blir uten straum og telefondekning!

Men det som var verst for meg var at det faktisk øydela julestemninga etterkvart. Den første dagen var stemninga på topp og alle syns det var koseleg. Tende stearinlys og sosialt samvær. Men etterkvart vart ting så altfor upraktisk og stressande at dei enklaste løysingane vart valde. Ikkje fekk vi dusje. Ikkje fekk vi spele julemusikk, lage skikkelege julemiddagar, sjå julefilmar og juleprogram. Ingen julebelysning eller pynt kunne sjåast etter klokka 16.00. for då var det heilt mørkt ute. Og med 2 stk 3-åringar og 2 stk babyar i huset vart ting fort kjedeleg for dei. Men når sant skal seiast hadde vi verdens mest tolmodige ungar i hus!

Men når alt kjem til alt, så var der ingen store materielle skader og vi kom alle frå det med liv og helse i behold. No får vi nytte desse siste dagane av året til å skikkeleg kose oss med alle desse tinga som vi gjekk glipp av, og så får vi heller forlenge jula med nåken daga ut i 2012! =)

Ei riktig god romjul til dokke alle, sånn heilt på tampen av året! =)





søndag 25. desember 2011

Heimelaga julegåve frå 3 år gammal nevø!


Det er heilt klart at ein forkjærlighet for t-lys ligge i familien.
Men at eg skulle få ein så flott gave frå min 3 år gamle nevø, Theodor, til jul hadde eg ikkje venta!

No er jo eg aldeles partisk, sjølvsagt, men eg syns den er veldig fin! =)

Han hadde i tillegg mala eit par maleri som var imponerande. Tydelig at han har arva kunstneriske evner både frå bestemora og mammaen sin, som òg er veldig kunstneriske personar.

Blir spennande å følge han framover!

(Ser at den kanskje ikkje er så ulik den eg sjølv laga her.)

Legg gjerne igjen ein kommentar i feltet under. =)

fredag 2. desember 2011

I det "kreative" hjørnet...


Fekk litt ånda over meg i går og laga eit par julegåver. Eg kan sjølvsagt ikkje vise fram julegåvene før vi kjem til januar, men eg laga samtidig denne lykta når eg først var i det "kreative" hjørnet.

Det var veldig enkelt og kjapt å lage, og resultatet vart heilt greit. Kanskje ikkje det vakraste eksemplaret som fins, men den står no her på bordet mitt og skapar stemning. Eg kjem til å lage fleire av denne typen i litt andre uttrykk utover i desember.

Syns det er så artig å prøve ting eg enten aldri har gjort før eller ikkje har gjort på veldig lenge. Så av og til vil nok "prøvekaninene" mine dukke opp her i bloggen min.

Òg husk at alle kommentarar i kommentarfeltet under innlegget blir satt umåteleg pris på!


tirsdag 29. november 2011

Heimelaga adventslys



 Ja, eg har altså ikkje laga sjølve lysa sjølv då. =)

Men eg hadde lyst å prøve å lage ein heilt enkel "adventslysestake" sjølv i år. Eg starta med å kjøpe inn 4 kvite kubbelys, lilla gåveband og ei lita eske med pynteperler med hòl tvers igjennom, alt kjøpt på Nille.

Frå før av hadde eg eit nydeleg trefat laga av Odd Nesdal, og eit speilplate eg har hatt liggande lenge. Eg tredde på 1 perle for 1.søndag i advent på ei remse av gåvebandet, 2 perler for 2.søndag osv, før eg knytta det rundt kvar kubbe. 

Plasserte dei på speilplata før eg plasserte alt igjen på trefatet. 
Når eg var ferdig med alt reiste eg på julegrantenning og gløymde totalt å tenne det første lyset når eg kom heim! 
=)

Òg husk at alle kommentarar blir satt umåteleg pris på!







mandag 28. november 2011

Adventstida endeleg her.....





Då var 1.søndag i advent over, og etter mykje leiting fann eg heldigvis den største julestjerna mi heilt på tampen av kvelden. Begynte å bli litt bekymra, for det er den finaste vi har. =)


Den heiter "Sensy" og er heile 100 cm! Godt vi har store stoveglas. Det er ei papirstjerne, så ser den ikkje tole allverda av handtering, men håpa den overleve mang ei jul endå....=)




Vi importerte ein del julebelysning og selde på Utkantsmarknaden i 2010, og dette var eit av produkta. Den hadde ein utsalgspris på 699,- og vi valgte å beholde denne eine då vi innsåg at alle stjernene vart revne vekk i løpet av dei første 30 minuttane. Eit tydeleg behov der ute for julestjerner med eit meir designpreg over seg! =)

Vi gleda oss i allefall over den flotte Julestjerna vår, og med den går vi adventstida lyst i møte!
=)



Òg husk at alle kommentarar blir satt umåteleg pris på!
                                                       =)



LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...