tirsdag 26. mars 2013

KOPPKAKE 5 MINUTT


Koppkake....hmm....
Eg må nok innrømme min skepsis til dette prosjektet, men eg heiv meg rundt og gjorde eit forsøk. Eg vil nok gjere ein del endringar neste gong då eg syns kaka vart litt tørr, men ellers er dette ein kjapp og enkel måte å få seg litt sjokoladekake på!
:)


4 ts kveitemjøl


4 ts sukker 


2 ts kakaopulver
1/2 ts bakepulver


4-5 dråpar vanlijeekstrakt 


1 egg 


Bland veldig godt 


3 ts melk
3 ts olje
3 ts sjokoladechips/bitar


Bland godt sammen igjen, og sett i mikroen i ca 3 min på høgaste stille. Min kopp stod i mikroen i 3 minutt og 20 sekund på 800W, men då syns eg som sagt at kaka vart tørr. Eg vil mest truleg skippe vaniljeekstrakten neste gong og ha den på i underkant av 3 minutt.

Snart Påske folkens!
:)

~BENTE~

mandag 25. mars 2013

BUNNY-SERVIETT DIY


Her er ein liten Do It Yourself "Bunny-serviett" til påske!

Heilt vanleg serviett.

Brett ut ein gong.

Open kant skal vere mot deg.

Brett inn mot midten på begge sider.

Vri servietten opp ned etter dette......

No skal den opne kanten vere ifrå deg.

Brett inn mot midten igjen.

På begge sider.

Brett inn endå ein gong på begge sider.

Snu etter dette steget....litt vanskelig å sjå at eg hadde gjort dette på neste bilde.

Så skal dette triangelet brettast ned på "baksida".
Den sida som er tett.

Snu igjen etter nedbretten.

Fronten ser så slik ut.

Krøll servietten til ein sirkel.

...og putt eine enden inni den andre enden sin vesle "lomme".

Snu...

Fronten på kanina.

Lag til "ansiktet".

På tide å brette ut "øyrene".

Et voila!


Enkel og grei kanin som ser morsom ut som pynt både på bord og tallerkar.
Då ønsker alle som prøvar seg lykke til!

Gjerne legg igjen ein kommentar om korleis det gjekk viss du prøvar deg!
: )

~BENTE~

LEIK MED LAKK



Av og til er det berre morro å leike seg med neglelakk! 

Eg har i alle år hatt lange negler. 
Lenge sia eg har hatt lange som no, men lange lell. Og då er det kanskje litt rart at eg aldri har hatt meir enn maks 3 neglelakkar på samme tid i heimen...? 
; )

I det siste har eg fått litt dilla og dermed kjøpt ulike fargar og teksturar. No har eg vel ein rundt 15 i eit vidt utvalg. Ikkje alle var eit like godt kjøp, men så er no ikkje neglelakk den største investeringa i dag.  

Ka var din favoritt?
: )

~BENTE~

lørdag 23. mars 2013

Vann - vittig stilig! ; )


På min "two and a half ladies"-shoppingdag ilag med ei venninne og dattera hennar kom eg i dag over den her vannfontena frå Sia, og MÅTTE berre vise den til dokke!
Det er ein av dei beste illusjonane eg har sett på lenge! 


Det kjem dessverre veldig dårlig fram på bildet, men når ein ser denne i levande live, så kan ein sverge på at krana heng i lause lufta!
Råstilig!
I kombinasjon med den herlige lyden av rennande vatn, så er den her fontena definitivt på ønskelista sjølv med ein prislapp på godt over tusenlappen.
Ei toppers helg ønskast til alle!

~BENTE~

fredag 8. mars 2013

Oh Boy Oh Boy Oh Kelly Boy!


I dag kom den endeleg!


Eg har drøymt om ein "Kelly Boy" i over eit år no.
Og i dag dumpa det eit eksemplar i fargen "Mustard" nedi postkassa mi!


Eg absolutt ELSKAR denne fotobaggen,
både av utsjåande og praktikalitet!


Den har 3 lommar med glidelås framme, 2 små og ei stor. På baksida har den ei konvoluttlomme med magnet. Sidene og dei 2 små glidelåslommane framme har kvar si lita konvoluttlomme. Og inni er det 3 små regulerbare romdelerar samt ein stor til laptopp. Alle kan takast heilt ut om ønskeleg.


Eg kjøpte denne hos Fotobag og ser fram til å dra på tur med denne over skuldra i helga!
: )

Ha ei fortreffeleg helg alle sammen!

-BENTE-

torsdag 7. mars 2013

Naturens design - hagevandring


Nydelig dag!
Eg bestemte meg for å ta ei lita vandring i hagen for å sjå kor hard medfart den hadde fått etter ein kald og forholdsvis snølaus vinter.



Det viste seg at sjølv om eg nok har missta eit rosetre eller to,
så spirar og gror det bra med ein gong sola titta fram.


Det var knoppar på tre og busker og både
snøklokker og påskeliljer har meldt sin ankomst.


Til og med Rhododendronen viste teikn til å trivast i solsteiken.


Og eføyen har klart å klatre ganske høgt opp på stammen den siste veka.
Sjølv nåken rosetre har allereie komt med nye greiner og blad.


Deilig at våren viser dei første teikna sjølv om mars kan vere ein særs lunefull månad.
Eg kryssar fingrane for at snø og kulde ikkje kjem att før til vinteren igjen!


Ha ein flott dag alle sammen!

-BENTE-

onsdag 6. mars 2013

NIB Utfordring Mars - "JENTEPARTY"


JENTEPARTY!

Då var det på tide å slenge seg med på nok ei NIB -utfordring!



"Kreativ borddekking, fantasifulle gjestegaver, søte desserter, morsomme bordkort, klær og asscesories – altså hele pakka! "


"Du velger hva du vil ha fokus på; og vi ønsker oss som vanlige alle stiler, former og fasonger – og slett ikke bare rosa!"



Det er dette NIB-jentene seier om Mars utfordringa.


Eg trur at eg muligens har den stiligaste kakespaden!

Denne vart kjøpt i USA og har designet av ein lekker høghæla sko.
Kaka er laga av mi kjære svigerinne.


Her var mitt bidrag, og viss du vil sjå andre sine så klikk her.

-BENTE-

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...