fredag 27. juni 2014

ØNSKELISTE FRÅ JUNI 2014


Så ivrig denne gongen at eg ikkje klarar å vente til juni er over! ;)
Først ut er denne hengestolen frå HK Living
Eg syns den er kjempefin og eg skulle ønske den hang ute på verandaen min! 
Ser den til i underkant av 6000,- på nettbutikker i Norge. 
Du kan f.eks finne den hos Vakre Rom her.


Så var det dette utruleg vakre vaskebrettet frå Snowdrops. Alle er unike og du er derfor ikkje garantert dette utsjåande på brettet. Men akkurat sånn vil eg at mitt skal sjå ut!
Dette får du òg kjøpt hos Vakre Rom.


Så kjem vi til min absolutte favoritt så langt i år!
Nydelig Chaiselounge frå Mille Moi!
Sia denne lyseblå utførelsen dukka opp har eg sikla!
Om nåken har lyst å bruke 16.900,- i gåve til meg.....here you go! ;)
(Dei tilbyr Klarna om det hjelper?)


Til slutt sleng eg med desse veldig populære sengesetta frå SNURK.
Setta med astronaut og prinsesse er mest truleg bestselgarar.... men eg vil anbefale dokke å gå inn på sida deira å sjekke ut alle dei kjempestilige setta dei har for vaksne òg! 
Nettsida deira her!


- BENTE -

søndag 22. juni 2014

ØNSKELISTE FRÅ MAI 2014


Ønskelista frå mai er produkt frå "Kähler".
Innimellom dumpar ein borti ein produsent som du berre elskar fleire produkt frå. 
Sånn er det for meg i dette tilfellet!


Heile settet er flott men det er spesielt koppane eg syns er stilige. 
Utførelsen her er "Mano Cup Jade Large".



Nesten ingenting slår desse koppane dog!
Desse står aller øverst på ønskelista til jebusen min i år! ;)
Dei minner meg litt om nokre krus i keramikk mammaen min hadde...men i ein meir moderne utførelse. 
Koppane fins i 3 fargar, men denne er min favoritt; 
"Baristo Cup Brown".



Og skal ein først invistere i slike flotte koppar er det flott å kunne framstille dei slik. 
"Baristo Cup and Stand".


Jubileumsvasen Omaggio i bronse har det vore sterk rift om ute i bloggverdenen i Norge ser eg. Den er venteliste på og kan per i dag ikkje leverast før i august tidlegast. 
Men vasen fins i mange fine utføringar som du kan sjå her. ;)

- BENTE -

lørdag 21. juni 2014

ØNSKELISTE FRÅ APRIL 2014



Vi er gjerne litt redd for å bruke fargar i den norske heimen. Eg er ei slik ei som gjerne fort blir lei nøytrale fargar og pastell. Så eg likar å sprite opp innimellom med fargar i interiør som er lett å bytte ut. Tepper, puter, pledd, sengetøy og små nips i huset er som regel små investeringar som kan utgjere så mykje.

Som for eksempel sengesett frå Missoni... dette kan  LETT gjere meg glad! :D
Tenk å vakne og strekke seg ut i dette på ein solfylt morgon!



Mange nydelige sett å velge mellom...




I ånda "fargeglad" tar eg med dette teppet frå HAY.
Falt pladask for dette første gongen eg såg det. Sia det er mange fargenyansar i dette teppet burde det passe inn hos dei fleste. ;)





Pompongar er ein flott måte å pynte opp både inne og ute. I dag fins det mange ulike typar på markedet. Desse heiter Fluffy Balls og kjem i fleire fargar. Det er berre å leite rundt på nettet etter fargane du ønsker. Ikkje er dei spesielt dyre heller så ein kan fort anskaffe seg mange. ;)


- BENTE -

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...