tirsdag 8. oktober 2013

NYTT KAPITTEL - DEL 3

Kjapp tur innom badet folkens!
 Her har eg nettopp fått nye dusjdører, og rommet vart mykje større umiddelbart.


Med dei nye dørene kom det nytt blandebatteri.
Deilig med alt nytt!
=)

Dusjkabinettet som vart bytta ut.

Det skal seiast at det var dusjdører der før dette kabinettet vart sett inn,
så ein slapp nåke ekstra arbeid for å klargjere våtsona.
Som sagt, ein svipptur innom.
=)
- BENTE -

søndag 6. oktober 2013

NEW YOKKE NEW YOKKE! (NYTT KAPITTEL - DEL 2 - SOVEROM)



ZAAAALAAANDOOOOO!

Jupp, eg har gått til innkjøp av nytt sengetøy. Eg har sett for meg eit New York - tema på soverommet, så då fann eg dette vendbare sengesettet på nett. Eg syns sjølvsagt det er skikkelig stilig. ; ) Ellers har rommet fått NY - gardiner, ei NY - klokke og det skal invisterast i bilder frå The Green Apple etterkvart.


Det som var eit absolutt MUST og den største invisteringa var ei ny seng. Det å velge ei seng, kor ein skal tilbringe 1/3 av livet sitt, er ikkje ei oppgåve eg tar lett på. Det kom nåken rare blikk min veg der eg prøvelåg sengane i butikken. Men med ein såpass stor utgift, var det viktig for meg å velge rett.

Eg enda på ei kontinentalseng med ramme... for let`s face it... eg Gidder ikkje vaske under senga om eg ikkje absolutt må! ; )
Wonderland si Piano vart sjølvsagt montert av undertegna sjølv! Man treng da vel ikke en mann til slikt? :D

Eg kan med handa på hjertet seie at eg ikkje kan huske kortid eg sist sov så godt!
:D

Det er rett og slett sånn at ein gledar seg til å krype til køys....

See you in Wonderland!

- BENTE -

fredag 4. oktober 2013

NYTT KAPITTEL - DEL 1

Då har eg forflytta meg litt og endeleg komen inn i leiligheta!
: D
Eg tenkte eg skulle ta ein liten gjennomgong av korleis eg har valgt å innrede mitt nye rede etter ein del forespørslar om korleis eg har fått det. Eg leiger kun, så litt begrensa ka eg kan gjere med veggar og slikt. Eg startar med stova i Del 1. 

Er vel ikkje alle som har slik ei utsikt frå stoveglaset sitt, men i bygda mi må du nesten leite for å finne eit hus uten fjordutsikt! ; )

#Karnappet før


#Karnappet etter


#Lesekrok før

Her har eg tilbragt mange timar allereie, med ei god bok, teppe, stearinlys og noko godt i glaset.

#Lesekrok etter


#Sofakrok før

Utruleg ka eit teppe med sprek farge varmar opp eit rom. Teppet kjem ikkje så godt fram på dette bildet, men det er i ein varm lillatone og ikkje så kald som det kan sjå ut for her.

#Sofakrok etter


Dette er berre eit kjapt innblikk i Casa BO slik det ser ut i dag, med eit litt for dårleg kamera for anledningen men men. Skal sjølvsagt ikkje sjå vekk ifrå at ommøblering og utskiftingar av diverse står på planen i framtida. ; )
Så sånn ser det altså ut no.


LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...