lørdag 22. desember 2012

Julekort frå nevø!

Eg føler meg særs beæra når eg får så fint julekort i posten!  Dette var eit av to kort min nevø, Adrian, laga i barnehagen. Han e berre 4 år, så eg er kjempeimponert! I tillegg har eg fått så mange fine julekort med bilder frå familie og vennar. Eg er totalt ELENDIG på julekort, og har kun klart å sende eit butikkjøpt avgårde til min vertsfamilie i USA.
Eg skal ikkje bruke ei litt ubrukeleg hånd som unnskyldning for ALT ugjort før jul, men litt skuld får den. Men eg håpa eg får gjort litt i løpet av romjula, sjølv om det kanskje er litt seint. Eg slepp å stresse så mykje til jul sia den blir feira i Fredrikstad i år. No gjenstår ei einaste gåve, så er alt i boks!
God laurdag til alle!
- BENTE -

fredag 2. november 2012

Bloggtreff Stavanger

Okei, så ting går ikkje alltid etter planen... Hadde tenkt å vere veldig aktiv blogger den siste mnd, men i staden for vart det total tysnad frå min kant. Sånn går det når kroppen vil nåke anna enn å lyde hjernen.

Men no er eg innlosjert i Stavanger, og er KJEMPEKLAR for å sosialisere meg ilag med 46 andre interiørbloggarar gjennom heile helga! "Førjulskos" arrangert av Fabelaktige Maia pluss pluss blir mitt første bloggtreff, og forventningane er store! : D

Første gong eg brukar appen til blogger for å lage dette innlegget, så spent på layouten!
Eg ønsker dokke alle ei god helg, og spesielt til mine medbloggarar som eg får æra av å møte i helga!
- BENTE -


søndag 23. september 2012

HAUSTEN MIN


No når operasjonen er over, og eg er godt ut i rekonvalesenstida mi, kan det vere på sin plass å ta oppatt blogginga litt. Eg har ein bra fullpakka haust forran meg som nok skal få dagane til å gå. Endeleg blir eg i køyrbar stand og får tilbake friheten min...


Med gode venner og familie så har tida gått forholdsvis bra fort. Eg har til og med fått tid til å lese bøker igjen, nåke som er ein av mine favorittsyssler. Eg har lest alle 3 bøkene i triologien "Fifty shades", og no er eg begynt på nok ei bok. Har 3 bøker liggande klar etter eg er ferdig med den.
:D


Eg er så heldig at eg har fått plass på bloggtreffet i Stavanger første helga i november. Dette blir mitt første, og eg gleda meg særs! Etter Stavanger blir det ein liten etterlengta venne-turné på vegen heim. 

:D 
Bonus!


Som dokke veit, er eg eit aktivt kormedlem, og i november skal vi synge "Irish Blessings" i Grieghallen i Bergen. Dette er nåke eg verkeleg ser fram mot! Andre som skal der i den anledning?


Det er sjølvsagt mykje meir som skjer, blant anna blogging,  men eg skal ikkje kjede dokke med alle detaljane akkurat no!
Vi bloggast!

Ein god søndag til dokke alle!

- BENTE -

lørdag 25. august 2012

SISTE HAND PÅ VERKET


Då er dåpsgåva til Johannes ferdig!
Den fekk seg brunt papir med diverse stæsj på.
Syns ikkje den vart så verst?



No får vi håpe at foreldrene syns den er okei.
Det ligg i allefall mykje tid og tanke bak heile pakken.
Frå sjølve gåva til både kort og innpakkinga.


Til og med House of BO-sambuaren har trådd til!
Når underteikna sitte med nyoperert hand steppa han inn med både research og skjønnskrift. I tillegg hjalp "svigermor" meg med sjølve innpakkinga!
Takk takk!
: )

I morra blir det kombinert dåpsfeiring og ei ørlita feiring av meg sjølv og min halvrunde 35 års dag.
: D

God helg!

- BENTE -

mandag 13. august 2012

FLUFFY CHAIRS


Tenk når hausten og vinteren kjem å krølle seg opp i ein av desse forran peisen



med ei god bok og ein kopp kakao



når snøen lava ned som verst ute...


Er lov å drøyme seg litt vekk vel sjølv om sambuaren trua med å flytte ut viss eg anskaffa meg den på første bildet?
; D


- BENTE -


lørdag 11. august 2012

Fabelaktig`s utfordring...farge!

Fabelaktige Maia seier:
"Vis meg din farge."

Smaken min endrar seg sjelden når det gjeld basispaletten, men innimellom får eg opp augene som andre fargar. I forrige veke var eg på besøk hos eit bursdagsbarn, og på pakken frå meg var det eit vakkert gammelrosa gåveband. Eg falt pladask, og no har eg litt dilla.

*Gammelrosa* 
Kva er din favorittfarge?


- BENTE -

fredag 10. august 2012

Dåpskort Bootie


Mitt skjønne søskenbarn, Johannes, skal døypast om 2 veker. Eg har i den anledning laga eit kort. Det er ein liten sko, eller bootie, som eg har merka opp på blå kartong, klipt ut og dekorert etter beste evne. Ikkje heilt perfekt, som dokke ser, men det beste eg fekk til med det utstyret eg har. Men ikkje så aller verst for første forsøk, hæ? Eg skal til slutt skrive på det under sålen, og muligens feste på ei blå silkesløyfe.

Eg har i tillegg laga dåpsgåva, og den kan du sjå her.

( No kan eg slappe LITT meir av før operasjonen på onsdag. )
God helg!

- BENTE -

torsdag 9. august 2012

VÅRE BØNNER "SVART" ; D

ENDELEG!
Endeleg, endeleg kom vår etterlengta "Wilfa Svart" i posten i dag!

Vi drikk ikkje så altfor ofte kaffi, og det faktum at vi ikkje har hatt kaffitraktar i hus på 3 år seie vel sitt?
 Det har til no vore pulverkaffi servert når vi kunne tenkt oss ein kopp.
Det har vore ein lang prosess å finne den rette, når både frøkna og House-of-Bo-mannen er like kresne på design og funksjonalitet. Derfor vart vi veldig glad når vi fann denne designprisvinnaren designa av Designit, Wilfa og Tim Wendelboe .
Grunnen til at vi enda opp med "Wilfa Svart" var at den både fungerar som vannkokar og traktar. Vi trengte begge deler og denne dekka våre behov.


Det fins ein varmefunksjon som held vannkokaren varm i 15 min. Ulike temperaturinnstillingar gjer at dei som ikkje likar kaffien glovarm kan stille den på ein lavare temeratur. I tillegg er det eit mål på vannkokaren med både liter og gram, slik at ein kan måle seg fram til rett mengde kaffi til rett mengde vatn.
Så no gjennstår det berre for meg å koke meg ein kopp!



For dokke som lure på korleis ein gjer dette, legg eg ved instruksane som ligg på Wilfa sine nettsider:


 - BENTE -


tirsdag 7. august 2012

Bloggpause...

...men no er eg tilbake. =)
Juli passerte uten eit einaste blogginnlegg frå mi si side, og jammen var det godt....for meg i allefall! Eg har feriert i Hellas og i Fredrikstad, og eg har virkelig slappa av. Men no er det på tide med nye prosjekt! 

Like før eg reiste på min 3-vekers ferie handla eg inn ein del plantar på Plantasjen Haugesund då eg var ein svipptur innom der. Desse måtte jo sjølvsagt plantast før eg reiste.

For eit par år sia laga House of BO-sambuaren eit par lange blomsterkasse til meg, og desse vart malt i samme farge som verandaen "Bring"grønn. 
Du veit: tidligare Posten trailerane som dura rundt? 

Vi ELSKA denne fargen men (som dei fleste sikkert har fått med seg frå tidlegare innlegg som dette) så malte vi huset i fjor, og skifta dermed farge både på hus og veranda. Eg var sjølvsagt litt imot dette, og eg er endå ikkje blitt glad i min nye gråblå veranda. 
Men det er ei anna historie. :D  


Eg malte og malte mine 2 blomsterkasser og fekk planta alle plantane i dei DAGEN før avreise.
Siste liten?
: P


Ikkje det smartaste valget å kjøpe masse før ein 3 vekers ferie, I know, men tilbuda vart for fristande.
=)

Eg måtte be min kjære pappa om å vere så snill å vatne mens eg var vekke, og han gjorde ein fabelaktig jobb!
 =)
Så no nyte eg synet av flotte blomstrar!

 Eg håpar eg framleis har litt lesarar igjen etter den lange pausen, og eg er takknemlige for alle som har vore innom i mitt fråvær!

No håpar eg å få ut eit par innlegg før eg skal ta ein operasjon i høgre handa den 15.august. Eg satsar framleis på å kunne taste meg gjennom eit innlegg eller to med venstra, men å gjennomføre nåke fysiske prosjekt vert det vel heller mindre av i den nærmaste framtida. Men den tid den sorg. Eg har ei spennande tid forran meg i alle tilfeller! 
:D

- BENTE -




tirsdag 26. juni 2012

For mange prosjekt, altfor lita tid....



Neidå, eg har ikkje slutta å blogge!
Det har skjedd så veldig mykje i det siste at eg ikkje har funne tid til blogging.
Eg skal ta ein grundig oppvask med meg sjølv, og få ut alle dei ferdige prosjekta mine, men det MÅ dessverre vente til neste veke...
Eg vender snuten sørover i morra og blir der til mandag.

Eg takkar alle dei som alikevel er innom meg sjølv om det har vore stille!!

Eg kjem straks tilbake!

Ha ei god veke! 
:D

-BENTE-

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...