tirsdag 14. januar 2014

HEKLA JULEGÅVER


Berre eit kjapt blikk på nokre av julegåvene eg laga i haust.


Artig å lage, og artig å motta visstnok... ; )


Huer, pulsvarmerar, skjerf og tøfler...i år prøvde eg litt forskjellig.


For dei som har fulgt meg ei stund...så veit dokke at eg absolutt ikkje er nåken ekspert på hekling, men syns det er kjekt å gjere eit forsøk. 


Mamma, svigerinner, niese, søskenbarn, tante og venninner var alle mottakarar....


Har fått nåken hint frå andre som gjerne kunne tenkt seg, og det er jo alltid like kjekt! =)


Med resten av bilda vil eg nytte anledninga til å ønske dokke eit Godt Nyttår!

No er vi igang! ; D





-BENTE-

søndag 1. desember 2013

JULEGÅVE- MERKELAPPAR


Eg er så heldig å ha til sammen 5 tantebarn! 
Og når Jula no står for tur er det kjempekjekt med julegåver. Men ka gjer ein når alle er 5 år eller yngre og leseferdighetene er heller minimale? 

Jo, ein lagar til/frå lappar med bilder!



Eg starta med å printe ut eit motiv av Mikke 
& Minni samt bilder av meg og dei små.....


Raude ark var klippa til rett størrelse og limt bak på motivet av Mikke & Minni.....


Så var det berre å plassere dei i ei ramme som eg igjen lima oppå det raude arket..... 


Litt stempling og småpynt sånn til slutt.....


Før namna vart tilført i tillegg.


Eg syns dette var eit artig prosjekt, og skal lage til samtlige av mine tantebarn! Håpar dei syns det er like kjekt å få som det var å lage!


Håpar alle har hatt ein flott 1.desember og 1. søndag i advent!

-BENTE-

fredag 22. november 2013

JULEHANDELEN PÅ NETT

Ikkje ferdig med julehandelen endå? 
Kanskje ikkje begynt eingong?
Frykt ikkje! 
Det fins mange flotte nettbutikkar der ute! 

Eg gjev deg her eit ørlite utvalg av mine mange favoritt nettbutikkar.... 
:D
















Eg er sikker på du finn eitkvart i desse butikkane....

Håpar det var til hjelp!
=)

Tips meg gjerne i kommentarfeltet om DINE favorittar!

GOD FREDDA!

-BENTE-

onsdag 20. november 2013

WOW COTTON LIGHTS



Desse cotten lightsa er frå woweffekt.no 
og kan finnast her.



Eg er heilt frelst på denne lyslenka og kunne hatt den i absolutt alle fargane den fins i! :D



Desse er i lillafargar og passar godt no når advent nærmar seg.





Litt julestemning snik seg nok inn med desse i rommet.




Bilda snakkar i grunn for seg sjølve.......







Ha ein aldeles strålande aften der ute...!

-BENTE-

tirsdag 8. oktober 2013

NYTT KAPITTEL - DEL 3

Kjapp tur innom badet folkens!
 Her har eg nettopp fått nye dusjdører, og rommet vart mykje større umiddelbart.


Med dei nye dørene kom det nytt blandebatteri.
Deilig med alt nytt!
=)

Dusjkabinettet som vart bytta ut.

Det skal seiast at det var dusjdører der før dette kabinettet vart sett inn,
så ein slapp nåke ekstra arbeid for å klargjere våtsona.
Som sagt, ein svipptur innom.
=)
- BENTE -

søndag 6. oktober 2013

NEW YOKKE NEW YOKKE! (NYTT KAPITTEL - DEL 2 - SOVEROM)



ZAAAALAAANDOOOOO!

Jupp, eg har gått til innkjøp av nytt sengetøy. Eg har sett for meg eit New York - tema på soverommet, så då fann eg dette vendbare sengesettet på nett. Eg syns sjølvsagt det er skikkelig stilig. ; ) Ellers har rommet fått NY - gardiner, ei NY - klokke og det skal invisterast i bilder frå The Green Apple etterkvart.


Det som var eit absolutt MUST og den største invisteringa var ei ny seng. Det å velge ei seng, kor ein skal tilbringe 1/3 av livet sitt, er ikkje ei oppgåve eg tar lett på. Det kom nåken rare blikk min veg der eg prøvelåg sengane i butikken. Men med ein såpass stor utgift, var det viktig for meg å velge rett.

Eg enda på ei kontinentalseng med ramme... for let`s face it... eg Gidder ikkje vaske under senga om eg ikkje absolutt må! ; )
Wonderland si Piano vart sjølvsagt montert av undertegna sjølv! Man treng da vel ikke en mann til slikt? :D

Eg kan med handa på hjertet seie at eg ikkje kan huske kortid eg sist sov så godt!
:D

Det er rett og slett sånn at ein gledar seg til å krype til køys....

See you in Wonderland!

- BENTE -

fredag 4. oktober 2013

NYTT KAPITTEL - DEL 1

Då har eg forflytta meg litt og endeleg komen inn i leiligheta!
: D
Eg tenkte eg skulle ta ein liten gjennomgong av korleis eg har valgt å innrede mitt nye rede etter ein del forespørslar om korleis eg har fått det. Eg leiger kun, så litt begrensa ka eg kan gjere med veggar og slikt. Eg startar med stova i Del 1. 

Er vel ikkje alle som har slik ei utsikt frå stoveglaset sitt, men i bygda mi må du nesten leite for å finne eit hus uten fjordutsikt! ; )

#Karnappet før


#Karnappet etter


#Lesekrok før

Her har eg tilbragt mange timar allereie, med ei god bok, teppe, stearinlys og noko godt i glaset.

#Lesekrok etter


#Sofakrok før

Utruleg ka eit teppe med sprek farge varmar opp eit rom. Teppet kjem ikkje så godt fram på dette bildet, men det er i ein varm lillatone og ikkje så kald som det kan sjå ut for her.

#Sofakrok etter


Dette er berre eit kjapt innblikk i Casa BO slik det ser ut i dag, med eit litt for dårleg kamera for anledningen men men. Skal sjølvsagt ikkje sjå vekk ifrå at ommøblering og utskiftingar av diverse står på planen i framtida. ; )
Så sånn ser det altså ut no.


onsdag 14. august 2013

UTEDO-LUKSUS

Når ein er ute å vandrar i fjellheimen...

...så er det ytterst sjelden ein kjem over wc på støylane! 

Støyvastøylen på Utvikfjellet i Sogn og Fjordane hadde denne perla av ein utedo tilgjengelig for oss traverane.

Heilt fantastisk at nåken har lagt ned innsatsen, og laga dette flotte bygget. Det er 2 toalett og begge med antibac-spray på veggen. 

Det både lukta og såg reint ut, og kan trygt anbefalast til alle som måtte ferdast i dette området!

Utedo-luksus, ikkje sant? 
; )

- BENTE -

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...