fredag 25. mai 2012

Gåver på repetisjon....

Eg skulle på besøk til Sissel på torsdag, og sia den dama alltid serverar nydeleg mat og fantastisk godt selskap ville eg ta med ei lita oppmuntring til ho. Eg prøvar så godt eg kan, som så mange andre i bloggland, og benytte meg av resirkulering.

Eg lagde denne vesle "vasen" av eit gammalt eplemosglas. Båndet kjenner du kanskje igjen frå eit blomsterbukett eg skreiv om i forrige innlegg?  :) Så toppa eg det heile av med kvite kvistar av "Rododendron" frå min eigen hage samt ei handfull av det er trur må vere min absolutte favoritt av uteblomar, nemleg "Forglemmegei". 

Dei kryr på tomta mi og eg får ikkje nok av dei! Snakk om små perfekte drypp frå naturen si side. På samme kvast kan du finne rosa, lilla og blå blomer, og i tillegg er nåken gule i midten og andre kvite....fasinerande!
Bildene mine yte dei rett og slett ikkje rettferd, men men. 

: D



Ha ei topp helg!



tirsdag 22. mai 2012

Middag for èn i stil? :D

Når House of BO-mannen kun jobbar natt vert det av og til nødvendig med middag for kun meg.
Men lar denne madammen seg affisere av slikt og kun slenger inn ein Grandiosa i ovnen?
Jo...okei, det skjer faktisk, men ikkje alltid...! He he!

Men i dag hadde eg lyst på grilla kylling som eg marinerte i går, så då slengte eg kòl på grillen og satte igang!
(Eg grilla eit par ekstra som eg sender med sambuaren på jobb.)

Så dekka eg på ute på min vesle veranda med dekkebrikke, t-lys, stetteglas og fine serviettar.
Skal ikkje så mykje til for å sette litt ekstra piff på det. Og maten smakar absolutt bedre når augene òg får nåke føde. :D

Så var det klart for middag for 1 i stil!
(Litt stil i allefall, he he!)
Bon Appetit!
:)

mandag 21. mai 2012

Good friends, good times.....

18.mai hadde vi nåken venner på ein liten "aften" hos oss. Så utruleg koseleg når folk stiller på sjølv om det ikkje alltid passar så veldig godt inn i skjemaet.

Når den eine dukka opp med denne flotte buketten frå sin eigen hage, vart eg SÅ glad! 
Eg vil berre dele synet av den med dokke!

Enjoy....






Ha ein strålande dag, folkens!
: D

tirsdag 15. mai 2012

Dei(g)lig syn? : D

Det har no vore passeleg  dårleg veir her (og i allefall ikkje nåke veir å vere ute i) og ka skal ein då finne på for å få tida til å gå? 
Vel, sia bøndene aksjonerar og tømmer butikkhyllene for brød, fann eg det best å sette ein deig.
Eg satte deig til 3 brød, og satte meg så i sofaen for å holde på med prosjekt "hekling" (som for øvrig kjem i eit seinare innlegg.) og slappa rett og slett litt av. Når eg etter ein times tid skulle eit anna ærend på kjøkkenet var det dette som møtte meg! 
Eg måtte berre le!
Når eg hadde fått tatt bilder, og rydda opp, forma eg brøda og lot dei etterheve oppå steikeovnen. DOG;
denne gongen fulgte eg faktisk med på prosessen! =) 

Dei heva seg fint, og når dei nærma seg velte-utav-forma-si-stadiet satte eg dei inn i ovnen og nøyt dufta av nysteikt brød i over 40 min. 
Eg syns no resultatet vart bedre enn det først såg ut til å bli!
=)

Så no er kveldsen inntatt og ei temmeleg mett Bente sitte henslengt i sofaen og skal straks fortsette på prosjektet "hekling"!
Ein strålande midtveke til dokke alle! 

onsdag 9. mai 2012

Prosjekt : "Redd grillen!" :D

Vi har hatt denne tønnegrillen i snart 4 år. Kjøpt på Plantasjen og kanskje ikkje av verdas beste kvalitet, men likefullt veldig godt brukande. Den har heller ikkje fått det beste stellet, og har måtte tåle ein vinter eller to ute uten dekke.

Så regn og snø har tatt sin toll på denne stakkars skapningen, og no følte eg at den fortente nytt liv i staden for å ende på dynga. Den fekk seg ein grundig vask og etterpå fekk den stå til tørk i ein dag. 
Eg ville ideelt sett ha skura den skikkeleg med stålbørste, men hadde rett og slett ikkje slikt for hand, i tillegg til at eg trur at ein runde med dette ville muligens ha etterlatt meg med ein haug med rust og lite grill. Så derfor vart det slurva litt med grunnarbeidet. 

Eg hadde på førehand kjøpt inn ein spraylakk frå Biltema som tåler opptil 600 grader, og satte så igang med jobben. Eg starta med bunnen på utsida av grillen, og skjønte ganske raskt at eg ikkje ville ha nok til heile grillen med berre ein boks. Så når piffen gjekk utav boksen satt eg igjen med ein halvlakka grill. Sia vi hadde nesten ei veke med solfylte dagar foran oss vart det bestemt av vi fekk bruke grillen i mellomtida, og heller gjere resten av jobben når vi fekk tak i meir.

No bur eg 1.5 t frå nærmaste Biltema, så det er ikkje berre å svippe innom ein tur, men eg var så heldig at far min skulle handle litt der sjølv berre få dagar etter. Han kom dessverre heim igjen med uforetta sak, fordi russen hadde kjøpt alle boksane for å spraye motorrommet på russebilane sine slik at dei ser shiny og new ut.  Men papsen fekk tak i ein spraylakk hos BilXtra som tålte heilt opp til 690 grader, og denne butikken ligg berre 30 min unna.

Så no gjenstår det berre for meg å reingjere grillen innvendig (igjen), og at sola gløttar fram i ein dag eller to!
: D

God onsdag til dokke alle! 

lørdag 28. april 2012

Peiskos på regnfull dag...

Å, det går treigt i topplokket for tida. Inspirasjonen har vore fråværande dei siste vekene, og tiltakslysta likedan. Har diverse prosjekt gåande (som alltid) men har ikkje orka å gjere nåke ferdig. Treng ei vitamininnsprøyting og forhåpentligvis kjem det flotte værvarselet for den kommande veka til å slå til og gjere kvardagen lysare og meir inspirerande. =)
Til dess skal eg kose meg med fyr i omnen,

desse flotte lyktene eg fekk med sambuaren, 

liljene eg plukka inn frå hagen i min heimemekka vase av Norgesglas 
og ein film i sofaen 


mens regnet plaskar ned ute.......

 Eg ønsker dokke alle ei 
GOD HELG!



onsdag 25. april 2012

HURRA!

 Kan nesten ikkje tru det, men no har eg passert 5000 klikk på bloggen min! 

Veit at for mange bloggarar er dette eit forholdsvis lavt tall, men for meg var dette utenkeleg når eg i haust begynte å blogge for alvor. 
Eg sette pris på alle som tar turen innom meg!

TUSEN TAKK!


Eg må òg få takke Sissel som gav meg eit gåvekort "berre fordi eg var så snill".
(Hennar ord, ikkje mine!)

Så i går kjøpte eg denne flotte blomsterpotta med teksten:

"Love grows best in little houses"
&
eit duftlys frå "Voluspa"


HAPPY HAPPY!



lørdag 14. april 2012

Eg har fått tildelt ein "Bloggaward"!!




Okei, ikkje heeeeilt ein Oscar, men nesten! :P

Snille frøkna frå "Syrinveien 3" har tildelt meg ein bloggaward! 
Stikk innom og ta ein titt på bloggen hennar her
Absolutt verdt ein tur innom! 

En award fungerer slik: 
1. Man skal linke til den man mottok awarden fra 
2. Svare på 5 spørsmål 
3: Man skal sende awarden videre til 5 andre bloggere som har mindre enn 100 følgere.
 (Awarden er selvsagt frivillig.)


Hvorfor begynte du å blogge? 

Eg har vore interessert i interiør i lang tid, og tok min utdannelse i Interiør Design ved Merkantilt Institutt i Kistiansand. Den første eg hilste på første skuledagen var Trine Lise. Dette skulle vise seg å bli eit veldig nært vennskap og eg var stolt forlover i bryllupet hennar nåken år seinare. :D Trine starta ein blogg, "Trine i bakken", i 2009, og det var på bakgrunn av DET av eg fekk augene opp for blogging. Eg lurte lenge på om eg skulle tørre meg ut på dette, men valde å opprette bloggen i 2010. Men det var ein anna flott blogger frå nabobygda, Bjørg med "Huset ved Fjorden" som gav meg den siste vesle puffen til å begynne for alvor. Eg annser at bloggen min EGENTLIG kun har vore aktiv sia høsten 2011.


Hvilke blogger følger du?

Eg prøvar så godt eg kan å få med meg alle eg har lagt til i bloggrullen på høgre side. Når eg ikkje rekker det er det eit par bloggar eg absolutt MÅ få med meg. Eg nevner 5 her, men der er så mange, mange fleire, og eg håpar dei ikkje vert fornærma. =)



Favoritt farge?



Med basisfargene kvit og svart her i huset, blir det som regel ein drakamp om grønt og lilla om å vere favorittfargen...juryen er fremdeles ute. =)




Favoritt film?

Oi, oi, oi....DEN var vanskelig!

Eg er ein filmfantast og har store problem med å plukke ut favorittar sia der er så mange kategoriar... Ein film eg absolutt diggar pga sine så forfriskande brudd på mine vanlige forventningar om korleis handlingsforløpet foregår, er:

"Deep Blue Sea"

Det er ein...kanskje ikkje så overbevisande...film om genmodifiserte haiar i eit slags "Alcatraz" til havs. Rollelista er forholdsvis imponerande: 
Samuel L. Jackson, Stellan Skarsgård, LL Cool J, Thomas Jane og Michael Rapaport for å nemne dei største. 
Filmen er kategorisert som Action/Sci-fi/Thriller, men for meg kunne dei liksågodt ha putta på Actionkomedie. 








Ellers kan eg nemne at BBC sin produksjon av "Jane Eyre" frå 2006 er ein absolutt favoritt i drama sjangeren! Ei fantastisk dramatisering med fabelaktige skuespillerar!
Absolutt verdt å sjå!







Hvilket land drømmer du om å besøke?

Berre ett?? 
Nei her er det langt fleire enn ett. =)
I mange år har eg hatt Egypt og Nepal som mine 2 største drømmeferiemål. Eg har i den seinare tid gått litt vekk frå Egypt og for tida er mine topp 3 reisemål:

NEPAL

VIETNAM

BALI

Tar gjerne imot billettar eller peng for å realisere desse draumane! He he!


Ja, då har eg fått lira utav meg ein del her og sender awarden vidare til desse flotte bloggerane:



God helg!


mandag 9. april 2012

Dødelige vinglass....




Etter alle lammelær (eller lår viss ein har lykkast) og raudvinsglas i påska så vart det naturleg å lage eit innlegg om desse kjempestilige glasa! 

Designeren Kacper Hamilton har designa raudvinsglas inspirert av dei 7 dødssyndene, og kalla dei så passande: 

"7 Deadly Glasses"













Eg vil tru det er litt vanskeleg å drikke av enkelte, og eska inneheld alle 7 dødsglasa samla som eit sett. 
Eg personleg kunne tenkt meg å kunne velge eit av glasa og så bestilt eit sett av det. "Gluttony" for eksempel. Ikkje så fint (og ein smule vanskeleg kanskje) å dekke eit bord med alle desse?

Men dette er handlaga glas og i ein "Limited edition", så eg tenke nok det at både pris og levering er uttafor min rekkevidde kor enn ein snur og vende på det! 
Men syns dei var verdt å dele med dokke!



Eg håpa dokke alle nyte den aller siste dagen i påska. Vi har hatt "svigerfar" på besøk hos oss, og med besøk blir det lite med blogging merka eg. Men eg er heldigvis ikkje åleine der. 

No har eg berre igjen å planlegge middag, for heldigvis står det nylaga sjokolademousse i kjøleskapet og ventar på oss......skal tru om eg ikkje bør smake om den vart vellykka....sånn for sikkerhetsskuld...?


tirsdag 3. april 2012

EG VANN! EG VANN! EG VANN! ;D

Nydelege sement/betong lysestakar frå Jysk!
Bildet er lånt frå Moxas Univers

Kan nesten ikkje tru det, for eg vinn aldri, men EG VANN!!! 

Eg slengde meg med på Moxas Univers sin Giveaway her
og i gårkveld låg der ein kjempekjekke kommentar på bloggen min frå Monica om at eg var ein av dei heldige vinnerane!

Som dei fleste har fått med seg, så legg eg pågåande Giveaways på høgre sida på bloggen.
Dei er vel verdt å gå innom!
(Og ALLE kan vere med, treng ikkje vere bloggar sjølv)

Eg må òg få legge til at bloggen Moxas Univers er ein kjempeflott blogg eg anbefaler å gå innom for inspirasjon og glede! 
:D

Helsing den lykkelege eigaren av lysestakar



LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...