lørdag 11. februar 2012

Første teikn til vår! =)


Det var så deileg å ta seg ein aldri så liten hagevandring i dag, og finne desse umiskjennelige teikna på vår.

Det var minst 50 flotte nyskudd i hagen! 

Eg gler meg til dei står i full blomst og eg kan snike inn ein liten bukett.

 Ikkje lenge til no.... =)

Eg vil med dette ønske dokke ei riktig god helg!



torsdag 9. februar 2012

Flatpakka vase?

Ja, flatpakka vase, ja. =)
Eg må innrømme at eg aldri hadde sett det før.
Ein fyller den med varmt vatn først slik at ein kan forme vasen stabil.
Så tøm ein vatnet ut og fyller på med kaldt vatn igjen.
Den fins i fleire utførelsar, og eg kjøpte ein i svart og ein i kvitt.
SÅ tynn er den når den kjem ut av 5-pakningen den kjem i.

Flott å ha liggande! 
Har DU sett den her før?



lørdag 4. februar 2012

Min aller første NIB Utfordring! =)

Bilde tatt på kvelden


Norske Interiørblogger utfordrar oss bloggarar i ny og ne, og i februar har dei valgt tema: 
"Vårlig vegg".

"Det blir lysere! Dagene blir lengre og det går riktig vei. Vi lengter etter våren her på NIB og håper dere har lyst å være med å leke denne måneden også.

Denne måneden lurer vi på om det er noen som har brukt smartpanel i huset. Og i tilfelle hvordan du styler den, slik at du får våren på veggen.

Hvis du ikke har smartpanel, kan du likevel delta, bare skriv at du ikke har smartpanel i huset i innlegget."





For å sitere Anne Grete Preus:

"Det snør himmelsk korrekturlakk over feilstavet sommer", og det er lite som minna om våren ute. Men inne begynne det å sjå litt lysare ut... =)

Med ein ny multiprinter i hus har eg endeleg fått printa ut ein del bilder til mine tomme billed - rammer. I tillegg kjøpte eg med meg heim nåken bilder ifrå Memphis som eg har lengta etter å få opp på min "usmarte" panelvegg.

Syns den veggen har vore kald, bar og upersonleg over lang tid, og kjenne no stor glede over å sjå veggen fylle seg sakte, men sikkert, med bilde som varma meg.


Formeleg kjenne vårsola som gløda i solveggen der eg lena meg tilbake ilag med Marilyn....


.....eller sol og friske kinn side om side med Elvis på årets første motorsykkeltur...


.....eller ein aldri så liten yrande vårflørt med ein "Teddybear"...?

Og plutseleg landa eit par solstrålar på veggen min som for å understreke at våren er på veg!


Ha ei aldeles strålande helg der ute!

=)

onsdag 1. februar 2012

Går våren i møte...med gresskar! =)

Klikk på bildet for å komme til nettbutikken til Lobelia
(Krokane i midten fekk eg i gåve frå butikken)

Når eg skulle bestille nåken krokar til kjøkkenet på Lobelia for ei vekes tid sia kom eg over desse flotte gresskar oljelampane i glass til 50% rabatt. Når ein bestiller i nettbutikkar må ein som regel over ein handlekorg på 200 kr ellers ekspederar dei ikkje ordren. Når dei små krokane mine ikkje akkurat rakk opp til den sperra tok eg liksågodt å bestilte 2 av desse i samme slengen. Dei står karaktisert som "små", men det kun fordi der fins større utgåver, og ikkje fordi dei er små i størrelsen. Dei har eit antikt preg over seg, og eg ser virkeleg fram til å kunne dekke bordet på uteplassen til sommaren med desse. Eller kanskje eg må snike dei ut på verandaen når temperaturen snike seg oppover på gradestokken og det er muleg å kose seg med eit glass vin, inntulla i eit teppe mens ein nyte den flotte solnedgangen......

No kan i grunn våren komme....ikkje sant?
                       


torsdag 19. januar 2012

Inuitputer...love, love, love!!

Klikk på bildet for å komme til hviit webshop. Bildene er henta frå deira nettside.

Eg har sikla etter denne serien med puter av "By Nord" sia aller første gongen eg såg dei. Eg absolutt ELSKA den, og håpar at eg ein dag vil vere den heldige eigar av (i allefall) ei pute. Den puta med den eldste inuitten er eit stort putetrekk i 100% bomull i størrelsen 80 x 80, og er nok min aller største favoritt! På nettbutikken hviit skriv dei at dei har fylt den med ei sommerdyne, så den er nok ganske stor. Den har ein utsalgspris der på
 1259,-

Dei fire andre er i bomullsvelour med fotoprint i størrelsen 60 x 60, og heller ikkje nåke eg hadde surmula over å vore eigar av. Desse er mindre og har for tida ein redusert pris frå 1200,- til 
1090,-

Ja, eg veit....ein smule heftigt for lommeboka, men eg lure på om dei er verdt det alikevel?

Ka DU syns?

~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~ ~

Eg vil i tillegg få vise fram putetrekka eg fekk til jul, "Broadway" frå Princess pluss eit putetrekk eg gav vekk, med store vanskar, i julegåve. Putetrekka mine har skrift om NYC i gråtonar, av 65% polyester og 35% bomull, og skal straks inn i sine respektive puter i sofaen. Lykke!


Gi-vekk-puta mi var av den nydelege Kathrine Hepburn i 60 x 60. Eg hadde så lyst på den sjølv at eg var litt småsjuke når eg pakka den inn. Men eg veit den no er under eit godt haud! =) I tillegg veit eg jo kor den vart kjøpt, så skal ikkje sjå vekk ifrå at eit eksemplar enda opp i sofaen min etterkvart.

Bildene tilhøyrer House of BO.



Eg trur eg etter denne tiraden om puter kanskje må innsjå at eg har putedilla....på lik linje med sko- og veskedilla. Ja, nåken laster skal ein dog ha her i livet, ikkje sant?
=)


(Legg gjerne igjen ein kommentar til meg, eller hak av på "Reaksjonar" rett under innlegget.)




Skittentøyspose frå H&M

Klikk på bildet for å komme til H&M nettbutikk.


Til kjøkkenet har eg kjøpt inn mange små kvite handkle, til litt sånt alt-mulig-bruk, og har i den anledning vore på utkikk etter ein tøff skikkentøyspose som kan henge på kjøkkenet. Så her ein dag var eg innom H&M sin nettbutikk og fann den her. Den virka for å vere passe stor, tøff og vaskbar. Så den gjekk rett i handlekorga mi, og dumpa nedi postkassa mi 4 dagar seinare. Så no skal eg berre få tak i eit par stilige krokar som den kan hengast på!



mandag 16. januar 2012

For tidleg med ny ønskeliste?




Det er vel aldri for tidleg å ønske seg ting til jul?

Vi har vel alle våre favorittbutikkar, enten det er i nærleiken eller om det er på nettet. Ein av mine absolutte favorittar er ein som befinn seg i Olden. Per`s Kro er ein kafe som har interiør/gåvebutikk under samme tak.  Her har eg funne mangt eit kupp til meg sjølv, og ikkje minst mang ei gåve til andre. Elly, som driv denne, er ei designinteressert dame frå Danmark som hentar inn varer frå forskjellige land.




   Elly har smykker, skinnjakker, sko, vesker og interiørgjennstandar for å nemne nåke. Hon er flink til å ta inn nye ting, og forholdsvis av kvar, så du sleppe sjå det samme om og om igjen. I tillegg har hon nåke for einkvar smak. Dette er riktignok ein liten butikk, men er ikkje det dei som vi oftast finn sjarmerande? Her er eit lite utvalg frå då eg var innom like før jul.


Tips meg gjerne om DIN favorittbutikk i kommentarfeltet under. 
                                =)



fredag 6. januar 2012

Eg slenger meg med på ein "Giveaway"


Eg kom over denne bloggen med ein fantasktisk "Giveaway" og fann ut at eg berre måtte vere med!

Stikk innom ein tur du òg?
Klikk her!

onsdag 4. januar 2012

Nokre heimelaga julegåver....



Ein kan jo sjølvsagt ikkje vise fram julegåvene før etter Julafta, så her kjem nåken bilder (dessverre av ringe kvalitet pga mobilkamerabilder) av mine små forsøk på heimelaga julegåver. Eg laga blant anna smykkeesker til mamma og mine svigerinner Marit Helen og Kathrine.

(Framgangsmåten under bilda.)





  • Eg starta med nåken treesker eg hadde fått tak i, og demonterte handtak og strikken.
  • Så dekka eg endane på eska med trelim, festa dekorert papir til dette, og trimma kantane rundt nøye med ei lita brodérsaks.
  • Eg tok så for meg resten av eska på same vis. (Dette er eit litt pirkete og tidkrevande arbeid viss du vil ha eit fint resultat.)
  • Deretter laga eg hol til og festa handtak og strikk tilbake att på eska.
  • Nest sist pynta eg eskene med diverse småpynt, som kantband, perler, steinar, blonder o.l.
  • Og heilt til slutt la eg ein smykkepose oppi kvar eske.

Mottakarane virka ikkje altfor misfornøgde, så eg trur resultatet ikkje vart så verst! 
=)

(Klikk på bilda viss du vil sjå dei i eit litt større format, og kommenter gjerne i feltet under.)

lørdag 31. desember 2011

Går inn i det nye året ..... på krykker! :/

Foten godt bandasjert på sjukehuset.

Ja, då har det seg sånn at eg 4.juledag presterte å skli i trappa og lande med foten i ein forkjær stilling eit par trappetrinn lenger nede. Turen bar først til lege, og så på sjukehus for røntgen. Intet brudd, men ortopeden sa eg hadde revet/forstrekt nåke ligament og måtte gå på krykker uten å belaste foten på 14 daga. "No sweat", tenkte eg og pusta letta ut over ingen brudd og ingen gipsing. Så sa han at eg måtte belage meg på å muligens måtte gå med krykkene i 2-3 mnd! 
Ankelen er visst sårbar og trenge støtte i tida framover.

Sjå den kolossen av ein ankel!
Men visstnok er ikkje ting så gale at det ikkje er godt for nåke. 
Eg vil jo no få allverdas tid til å blogge. =) Òg blogge det skal eg! Eg har mange innlegg som surrar både i pc og haud!
Håpar dokke vil følge meg vidare i 2012!



Eg vil ønske av heile mitt hjerte eit

Riktig Godt Nyttår til alle!
A Happy New Year to all!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...