lørdag 5. november 2011

Utskifting av rekkverket på verandaen min....

Verandaen vår frå då vi var på visning....


Etter å ha budd i huset i 2 år fann eg nyleg ut at plankane på gelenderet på verandaen var pill råtten. Det var først når eg var ute å inspiserte kledninga på huset at eg kom på at eg skulle sjekke verandaen òg. I underkant av alle plankane hadde veta trukket inn og treverket gjekk i oppløysing i hendene mine.

Så vi satte igang med å rive alle fjølene til det kun sto igjen rammeverket og toppen av gelenderet. Dette er i god stand og vart malt tidlegare i sommar som beskrevet i dette innlegget A coat a day....



mandag 31. oktober 2011

Bitt av malebasillen! =)



No i sommar vart eg bitt av malebasillen. =)

Først ut var gelenderet på verandaen, som eg skreiv om i eit tidlegare innlegg.

Så sto "garasjen" for tur. Garasjen i anførselstegn fordi det er ein garasje bygd for tidlegare eigars rullestol, og ikkje kapabel til å romme ein bil.


"Garasjen" før eg måla.
"Garasjen etter  1 strøk med Beckers."





lørdag 29. oktober 2011

Høsten er her....bruk den!

No når høsten er her har eg store plana om å prøve å få utnytta den litt. I kveld vart eg veldig insirert av dei flotte blada på blodlønna vår uttafor kjøkkenglaset, og måtte rett og slett berre ta med kamera og ta litt bilder. Ikkje berre kan det bli flotte bilder, men eg har òg tenkt å presse ein del av dei i morra og bruke i diverse dekorasjonar til advent og jul.
(No meinte eg ikkje at mine bilder va flotte altso, for desse er berre tatt i hyrten og styrten!)




                                 Utruleg kor ulikt uttrykk det kan få med ulik bakgrunn og mengder.
Det kan hende eg snike meg bort til ein tidlegare nabo å "stjele" nåken av desse blada . Eg såg dei her ein kveld og kunne ikkje dy meg. Fargen var nesten neon-grønn, men mobilkameraet gjenngjev ikkje fargen korrekt. Det er jo så flotte fargar at ein blir forundra av at slikt fins i naturen!
=)

Har dokke andre forslag til ka eg kan gjere med dei, så tar eg gjerne imot!
 =)


Òg husk at alle kommentarar blir satt umåteleg pris på!

fredag 6. mai 2011

...A coat a day keeps the rot away....eller nåke sånt! =)

Hei hei, mine venner, då var eg her igjen!

No er våren verkeleg i gang og ymse skal gjerast i, og rundt, huset.
Huset vårt er som sagt frå 1970, og dei siste 8-10 åra før vi kjøpte det var nok stellet med huset så som så. Kledning må byttast med tid og stunder og vi vel derfor å ikkje bruke mykje pengar på å male huset. Men der fins alikevel små grep vi kan ta....




I går fekk eg for meg at å friske opp gelenderet på verandaen var presserande, og eg satte derfor i gang med å pusse det ned. Her ser dokke resultatet av det. Var i grunnen ein grei jobb, sia all malinga fort kom av med ei skrape. Deretter børsta eg over det med ein børste for å få vekk støvet.

I dag gjenntok eg børstinga og gjekk i gong med frisk mot, malingskost og spann med maling.Og viss eg skal seie det sjølv, så vart resultatet ei kraftig forbetring! No får vi sjå om vi tar fatt på muren på huset om ikkje så lenge. Hadde vore deileg å kvitte seg med den grusomme off-white fargen som er der no!
Håpa nåken vart inspirert til å ta fatt på eksteriøret sitt! 
Skikkeleg malerkost er halve jobben!
=)


Òg husk at alle kommentarar blir satt umåteleg pris på!

tirsdag 15. mars 2011

"I think I`m in love!"

Okei, så mine foreldre har ei hytteprega sitte-gruppe på kjøkkenet sitt, som eg alltid har syns har vore ein smule ukomfortabel å sitte i. Eg har derfor aldri vurdert nåke sånt til mitt eige kjøkken. 

Etter at eg fann den her sittebenk-gruppa, så må eg muligens revurderte mitt standpunkt.............


Legg òg merke til den stilige hylla innebygd i veggen.


Denne ser eg godt for meg på kjøkkenet mitt altså......=)

I tillegg til denne, så har Schulte Design ei lang rekke av råkule produkt som eg meir enn gjerne skulle dekorert min heim med. 

Eit eksempel på det er blant anna dette bordet:

Ingenting å seie på funksjonaliteten på dette! Eg elska jo alt som har meir enn ein funksjon!
Òg husk at alle kommentarar blir satt umåteleg pris på!
 =)

mandag 14. mars 2011

The wonderfull "Underfull"

Veit at det ikkje er den mest oppdaterte nyheten men dette er eit fantastisk produkt eg inderleg håpar kjem i produksjon ein gong! Prototypen laga i 2009.



Så genialt at eg ikkje skjønnar koffer det ikkje er oppfunnen før! =)

Sjå videoen under og fortell meg ka DU syns:


(Dette innlegget er godkjent av Kristine Bjaadal)


Stikk innom sida til Kristine Bjaadal og sjekk ut Underskog Fabricks òg:
Kristine Bjaadal`s nettside

=)

Òg husk at alle kommentarar blir satt umåteleg pris på!

torsdag 20. januar 2011

"If I was a rich man...."

WOW!



Altså; her har eg leita lenge etter lysekruner som er litt annerledes. Så i dag har eg streifa innom ulike nettsider på leit i håp om å finne nåke kult. And BOY did I ever!

På denne nettsida fann eg eit så stort utval av lysekruna eg har ikkje sett før.

Herleg! 




Men når sant skal seiast så er nok lommeboka mi ein smule tynn for dei aller fleste modellane. Men så er det jo eksklusivt håndlaga glass frå øya Murano, ca 20 min frå Venezia. På nettsida står prisane oppført i Euro og dei levera til heile EU. I tillegg står der: "Within European Union we deliver all orders above 1000 Euro for free. If you want to have your goods delivered outside of EU, please contact us directly before placing an order on the website. We will collect all the information needed to deliver to the country you specified and get back to you as soon as possible."

Men uansett om du er ute etter å kjøpe eller ikkje, så bør du ta deg ein tur innom for å sjå desse heilt fantastiske kunstverka! 
=)


Òg husk at alle kommentarar blir satt umåteleg pris på!

lørdag 15. januar 2011

Picture perfect......

Ave Maria!


Dette ENORMT kule bilde er faktisk ein sengegavl! Fann denne kjempekule sida for tapetar og lerret for eit par år sida, og i dag stod det ein artikkel om dei på nettet. Eg har full intensjon om å få bestilt nåke frå dei til huset mitt! Men eg klara ikkje bestemme meg for kor og ka. Ein kan velge frå eit forholdsvis stort utval av bilder eller rett og slett ta eit bilde ein har frå før av som dei då lagar tapet av. G-NIALT! =)


"Follow the yellow brick road"


Okei, kanskje ikkje "yellow" akkurat men................





... det her rommet var ein skikkeleg inspirasjon for meg! Her var mykje å hente, frå små detaljar som den vesle hylla laga av ein enslig murstein som stikke litt lenger ut enn dei hine til større detaljar som badekaret som verkeleg sette prikken over i-en for meg!


Kor lekkert var ikkje det her då? Sjølv ikkje bilde med Kate Moss kan øydelegge det.
(Eg eig ikkje desse bildene, dei er lånte.)

Òg husk at alle kommentarar blir satt umåteleg pris på!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...