fredag 30. mars 2012

PÅSKEKORGENE MINE. . .

Kan TRU eg har kosa meg i dag!
Eg fann fleire malar for påskekorger på nettet og satte meg til å klippe, brette og lime.

Denne påskeharen falt eg pladask for, og har no laga fleire eksemplar av den som eg lurte på å gje vekk til  familie og venner.




 Påskeharen har både føtter og haledusk og er så søt som berre det!




Eg laga i tillegg 2 korger til. 

Den til venstre syns eg vart litt kjedeleg, men den var størst og tok mest gotteri. Viss du ser på øverste bildet, så ser du kor kjedeleg det egget ser ut, så eg kjem nok til å lime på eit motiv til på det for å gjere det litt meir spennande

Den siste korga var tidkrevande å lage, sia ein måtte fargelegge ein del før ein fletta og limte, men alikevel vart det ei riktig flotte korg! Bildet gjenngjev dessverre ikkje dei rette fargane på korga, og virkar muligens litt kjedeleg, men eg lovar:
Det er ei aldeles nydeleg korg! 

Eg har altså kosa meg glugg i dag, og har fleire korger på tapeten i kveld!
Ka du skal til med i kveld?

 God fredagskveld til dokke alle i allefall! 
:D






mandag 26. mars 2012

Spring around the corner...!

Årets første grilldag for oss i år!
Når eg kom heim etter fleire timar med korøving i går hadde sambuaren fått idéen om grilling.
Men sjølvsagt ikkje kor som helst! Grillings skulle skje i fjæra! :D
Vi pakka pølse, pølsebrød, ketchup, sennep, brus og eingongsgrill og sette kurs for fjæra.

20 meter seinare var vi framme! Vi er nemleg bortkjemte når det kjem til nærheten til naturen her i Innvik.

Vi planta bakendane på svaberget, og fyrte opp grillen.
Mens pølsene låg på grillen var det berre å lene seg bakover og nyte både sola, naturen og stillheten.
Og når måltidet var over reiste vi på "skattejakt" i fjæra etter orkanen Dagmar.

Dette var den minste av 6 rekvedobjekter vi tok med heim.
Òg sjølv om nåke av rekveden var sabla tunge, så er jo ikkje turen opp igjen så lang! :D

No skal rekveden få lov til å tørke fram mot sommaren, så får vi gjere nåken prosjekt av dei etterkvart.
Må seie dette var ein aldeles strålande avslutning på veka!

Ønsker dokke alle ei flotte ny veke!






søndag 25. mars 2012

God Søndag! :D


Ville berre innom og ønske dokke alle ein riktig god søndag!

Eg skal straks hive meg rundt å gå på korøving. 
Skal ein framføre "The Phantom of the Opera" til sommaren så må der 
LANGT 
meir øving til enn berre kvar mandag.

No landa det ein par solstrålar på meg og blomstrane eg plasserte i eit Norgesglas 
(i mangel på passeleg blomsterpotte)
 Ja, dei kan brukast til så mangt desse Norgesglasa....


GOD SØNDAG!
:D



torsdag 22. mars 2012

Mini-make-over på House of BO



Når vi no går mot lysare tider føler eg det er på tide med eit litt lysare preg over bloggen min òg.
Så i dag fekk den ein liten ansiktsløftning.

Litt usikker på om der er "nok " Bente i denne layouten, men eg håpar dokke kjenner meg igjen alikevel.
Gjerne legg igjen ein kommentar på ka du syns under.


Eg må i tillegg få takke for alle som er innom sia mi!
Eg har nett passert 4.000 besøk og føler meg beæra over dette.
Ken skulle tru at så mange ville finne vegen innom meg?
Så tusen, tusen takk til du som er fast innom, til du som er av og til innom, du som er ein sjelden gong innom og du som er innom for første gong!
Og ikkje minst takk til alle som legg seg til som følgarar. 
Det varmar!





onsdag 21. mars 2012

Min våte drøm - Kelly Boy





Jupp, det her er rett og slett berre min våte drøm når det kjem til fotobag!

Kelly Boy Mustard


Bilder seie meir enn ord, så viss du er på utkikk etter fotobag så stikk innom:


Og viss du vil kjøpe akkurat MIN drøm så gå rett inn på sida her.


tirsdag 20. mars 2012

Kjellarvegg - før og etter...

Vi bestemte oss for å endeleg gjere nåke med den gjennståande fæle, gule kjellarveggen.

Her etter første strøket. Vi syns det skein litt for mykje gult gjennom fremdeles, og bestemte oss for to strøk.

Og etter det andre strøket hadde vi oppnådd den kvitfargen vi ønska. 




Dette er som sagt i kjellaren, som for tida fungerar som ei bod for halve flyttelasset vårt, så derfor rot og skrot på bilda. 

Målet er å få montert ei varmepumpe på denne veggen, og ellers møblere rommet slik at vi kan bruke det som gjesterom. 

Ikkje heilt i mål endå, som dokke ser, men eit av mine mange "work in project." Kjem vel i mål ein dag....sukk!


onsdag 14. mars 2012

"These are a few of my favorite things...."


Raindrops on roses and whiskers on kittens
Bright copper kettles and warm woolen mittens
Brown paper packages tied up with strings
These are a few of my favorite things



Cream colored ponies and crisp apple streudels
Doorbells and sleigh bells and schnitzel with noodles
Wild geese that fly with the moon on their wings
These are a few of my favorite things



Girls in white dresses with blue satin sashes
Snowflakes that stay on my nose and eyelashes
Silver white winters that melt into springs
These are a few of my favorite things



When the dog bites
When the bee stings
When I'm feeling sad
I simply remember my favorite things
And then I don't feel so bad
"My favorite things" frå musikalen "The Sound of Music"


har gjeve oss ei utfordring om å vise hon våre favorittnips
Sjå utfordringa her
Eg har fleire ting eg vil karakterisere som favorittnips, og eg startar frå toppen av :

* T-lysholder der kolbene har ein krakkelert effekt. Nydelege refleksjonar i stoveglaset.
Denne kjøpte eg hos Elly

*Grønne miniatyrflasker frå Sia, dog eg endå er usikker på kor dei passar best inn hen...
Desse kjøpte eg òg hos Elly.

*Blomsterpotte i miniatyr. Denne er eit fast innlegg på lysfatet mitt.
Denne fekk eg i gåve frå sambuaren.

*Tv-en min. 
Ja, eg veit, veldig kontroversielt å ha det som favoritt, men eg er nok heller ikkje heilt A4. :D
Den er som eit innramma maleri der den heng på den svarte tapeten. 
Den kjøpte eg ilag med sambuaren. =)


Maia er min favorittbloggar for tida. Hon er open, vennleg, kunstnerisk, hjelpsom og inspirerande. Hon legg ned eit enormt arbeid og er eit ideal for korleis eg gjerne skulle hatt min blogg strukturert! Min blogg er under stadig konstruksjon, og eg håpar eg kan utvikle både meg sjølv og bloggen min til det bedre. Maia sin blogg finn du her:
og er absolutt verdt ein tur innom!


Det var nåken av mine favorittar. 
Eg har faktisk ganske mange av dei, men kan ikkje vise alle her.
Håpa du har nåken favorittar å dele med meg, enten legg igjen ein kommentar om kva det er, eller gå inn på {Fabelaktig} og legg igjen DITT bidrag.



fredag 9. mars 2012

"Urørt"....ferske bloggarar! : )


NIB har bestemt seg for å la oss nye bloggera få vise oss fram litt ved å utfordre oss til å legge ut vårt beste interiørbilde. 
Sjå innlegget her..

No har eg ikkje så all verden å velge i.....eg har inntil nyleg (forrige helg, faktisk) måtte bruke mobilkamera til bildene, og då seie det seg sjølv ka kvalitet bildene har...
Men eg må seie at eksempelet over er eit av dei beste eg har publisert så langt.
Dette bildet stammar frå dette innlegget.

Eg satsar på å kunne komme med meir presentable knips etterkvart. 
: )






torsdag 8. mars 2012

VÅR HOS MEG! =)



Ein kan vel ikkje seie anna enn at våren er i anmarsj når snøklokker, krokkus og liljer sloss om å vere først i blomst i hagen min. Snøklokkene vann, tett etterfulgt av mange flotte krokkusar.




 Liljene har endå ikkje skutt knopp, men blada står høgreiste og majestetiske over bakken side om side med krokkusane. 




Dei fins i alle mulege fargar....




Ein liten bukett vart plukka inn til den flotte Kvinnedagen.




Ganske vakkert i grunn.....naturens elegante design.




Dei pressa seg gjennom fjorårets visna gras og greiner.....




Mange snøklokkeklynger overalt i hagen min som kan minne om små snøklattar som vinteren har lagt igjen.....




Små solgløtt smyge seg gjennom skylaget....




Til og med rosebuskene mine har begynt å spire....





Dei gamle plommetrea med dei FANTASTISKE plommene har klart seg gjennom nok ein vinter, sjølv enn kor mosebelagte dei måtte innfinne seg med å vere.





Nye skudd i horisonten.....




Rhododrendron vil òg helse på, men heldigvis er det ei stund til den kjem ut i full blomst. 


Viss eg heva blikket oppå fjellet er der framleis godt med snø på toppane, og faren for nok eit snøfall er vel ikkje heilt utenkjeleg, men jommen lukta det vår her akkurat no! =) 

Når eg haure at Austlandet hadde snøkaos og glatte vegar i dag, så syns eg litt sol på ein  ganske overskya himmel i grunnen ikkje var så verst.....

Ja, det var eit liten rundttur i hagen min.
Håpa du har fått LITT vårstemning i allefall, korenn du måtte befinne deg!
=)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...